Hordaland Husflidslag inviterer til kurs laurdag 21.april 2018

Vi inviterer medlemmer i lokallaga som ynskjer å læra noko nytt og å læra dette vidare i laget

til ein innhaldsrik kursdag på Thon Hotel Rosenkrantz, Bergen 

Alle lag kan senda to deltakarar. Det er inga kursavgift, men deltakarane må sjølv betala for materialpakkar og for reise og eventuell parkering. Alle kan melda seg på 2 kurs, formiddagskurset og så kurs etter lunsj. Kurslærarane har med det materialet som trengs.

Det vert servert lunsj kl.13-14 og lunsjen er gratis for alle deltakarane.

Lokale husflidslaget som sender inn  skjema med  navn på sine deltakarne til kontoret. 

Vi tilbyr desse kursa:

Kurs 1 kl. 10-13. Ullbroderi ved Barbro Storlien.

Kurs 2 kl.14-17. Ullbroderi ved Barbro Storlien.

Kurs 3 kl.10-13. Brioche (patentstrikk med 2 fargar) ved Laila Y.Henriksen

Kurs 4 kl.14-17.  Brioche (patentstrikk med 2 fargar) ved Laila Y.Henriksen

Kurs 5 kl.10-13. Gjenbruk ved Kathrine Gregersen

Kurs 6 kl.14-17. Gjenbruk ved Kathrine Gregersen

Kurs 7 kl.10-13. Ung Husflid, spikking ved Elin Gilde Garvin

Kurs 8 kl.14-17. Ung Husflid, spikking ved Elin Gilde Garvin

Kurs 9 kl.10-13. Trådsløyd ved Synøve Eriksen Vadøy

Kurs 10 kl.14-17. Trådsløyd ved Synøve Eriksen Vadøy

Om kurslærarane:

Barbro Storlien. Husflidshandverkar. Kjent for bloggen «Fru Storlien»

Laila Yvonne Henriksen driv butikken Værbitt i Oslo, fargar garn, promoterer norsk ull, brukar garn frå Hillesvåg og andre norske, men har også sitt eige garn. Ho held kurs i strikk og farging rundt i landet.

Kathrine Gregersen, husflidskonsulent i Vest-Agder. Med på oppbygginga av Nøstebarn, har skrive bøker med oppskrifter frå Nøstebarn og boka «Brukt på nytt», held kurs og er medforfattar i Norges Husflidslag si bok Vev vel.

Elin Gilde Garvin, mange års erfaring som Ung Husflidskonsulent i Norges Husflidslag. Medarbeidar på fleire av Norges Husflidslag sine hefte og  bøker, lagar oppskrifter innan Ung Husflid til bladet Husflid og legg ut idear til Ung Husflid-aktivitetar på nettsida.

Synøve Eriksen Vadøy, husflidskonsulent i Sogn og Fjordane gjennom mange år. Har kunnskap om mange ulike teknikkar innan husflid, skal no  læra oss å arbeida med metalltråd

For fleire opplysningar om kurset, ta kontakt med Hordaland Husflidslag på post@hordalandhusflidslag.no eller telefon 90219599

Her er et eksempel på trådkunst. 

Kurs i lokallagene

2. des 2021 - 2. des 2021

Askøy Husflidslags lokaler i Sjoddien, Strusshamn - Lyngneset 2

11. jan 2022 - 3. mai 2022

Sjoddien, Lyngneset 2 i Strusshamn

11. jan 2022 - 22. mars 2022

Sjoddien, Lyngneset 2, Strusshamn

25. jan 2022 - 3. jan 2022

Sjoddien, Lyngneset 2 i Strusshamn

15. feb 2022 - 5. april 2022

Sløydsalen på Ravnanger Ungdomskole, Rindalsvegen 37, 5310 Hauglandshella

I helga 28. - 29. august var det 13 deltakarar frå dei lokale husflidslag i Hordaland  som møttest på Tysnes til kurs i spikking . 

Fortsatt ledige plasser på instruktørkurset i Ung Husflid. 

Samarbeidsprosjekt mellom Tysnes Husflidslag og Fylkeslaget. 

Kom bli med  ! 

Velkommen til årsmøte 6.mars . 

Styret i Hordaland Husflidslag har tatt en beslutning om at årsmøtet for 2020 skal holdes digitalt lørdag 6. mars på Zoom.

Kalender

Nyheter fra lokallagene

"Kistefornøyelse"

Berit Elise Sævig forteller og viser oss gamle tekstiler med ulik dekor; broderi, blonder, og kniplinger.

Orientering om lagsarbeid. Åresalg og lett servering.

Ope for alle. Vel møtt!

Vår årlige julebutikk hvor medlemmer selger sine flotte husflidsprodukter

Medlemsmøtet 28. oktober blir denne gongen i butikklokala til vevnad.no på Heiane. Butikken sel ulike typar garn, oppskrifter, strikke- og vevutstyr, og tilbyr også ulike kurs. Me møtest kl. 19 i Ringveien 12 der Solveig Meyer Eide vil fortelje om forretningside og oppstart. Butikken ligg i 2.høgda til XL-Bygg, parkering på toppen av den bratte bakken på hjørnet av XL-Bygg.

Me har også ein del lagssaker å snakke om. Fikselaug og Grøn november, jul på museet og førebuing til jubileet er stikkorda her. Lett servering.

 

Vel møtt til medlemsmøte!

 

Styret

Hva skjer i lokallagene

29 nov 2021 18:00, Osterøy Husflidslags lokaler i Lonevåg

29 nov 2021 19:00, Husflidstova i Våge, Teiglandsvegen 4

30 nov 2021 18:00, Yrkesstova

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.