Laget vart stifta 9. oktober 1997. 

Bondekvinnelaget i bygda hadde i mange år dreve husflidsutsal i lag med vevstove , og nå ville dei slutte med utsalet. Samstundes vart posten lagt ned og flytta inn i butikken. Ein del av leverandørane til utsalet gjekk saman og starta husflidslag med mål om å drive utsalet vidare i det gamle postlokalet. Det var starten. Etter nokre år vart butikken bygd ut, og vi fekk nytt lokale i coop-bygget.

Dei første åra dreidde aktiviteten i laget seg stort sett om å utvikle Eira Husflid og turistinfo. Vi hadde loddsal, julemesser og basarar for å få inn pengar. Samstundes dreiv vi med kommisjonssal av heimelaga husflidsprodukt frå 80-90 leverandørar busett i kommunen, eller nært knytta til kommunen. Vi hadde turistinfo om sommaren.

Sidan oppstarten har vi vore mellom 30 og 40 medlemmar frå dei fleste bygdene i Nesset, samt nokre frå nabokommunar. Vi driv Eira Husflid, har stor julemesse, medlemsmøte, kursaktivitetar, strikkekafear, sy/strikkekveldar og elles andre aktivitetar innimellom dei faste. Vi vekslar mellom å ha møte og aktivitetar i Eresfjord og Eidsvåg.

Det vert lagt ned betydeleg med dugnadsarbeid kvart år for å få både husfliden og andre aktivitetar til å gå, men vi har ivrige og engasjerte medlemmar, så vi er optimistiske med tanke på framtida for laget vårt.

                       Styret i Eresfjord Husflidslag 2012

Info til medlemmene:

Har dere e-post, send adressen til Peggy på: piv@eikesdal.no.

Det er da lettere for Husflidslaget å sende info. til medlemmene. (Og så sparer vi porto og papir :-) )

Info til alle som besøker hjemmesiden vår:

For mer info ang. aktiviteter, sjå " Kalender".

Kalender

16 nov 2019 11:00, Nesset prestegard

30 nov 2019 11:00, Coop Eresfjord

Nyheter

8-9 mars hadde Eresfjord husflidslag kurs i toving.

Plantefarging

Merking av strikkevarer til Eira Husflid

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.