Vi har lokale i Sjøholt småsenter på Sjøholt. Vi har husflidskveld siste måndag i månaden og aktivitetskveld elles kvar måndag. Vi er på turar, har utlån av bøker og har eit triveleg og inspirerande fellesskap. Som raudlisteprosjekt har vi ei bunadskjorte med lokalt tilsnitt.

Vi har rundt 50 vaksne medlemer og nokre barnemedlemer. Medlemene kjem frå Ørskog og Skodje kommunar.

Aktivitetar

 Husflidskveldar siste måndag i månaden, kl 18.00. Husflidskveldar er opne for alle, og vi har møta på Husflidshjørnet, Sjøholt småsenter, adresse Sjøholtvegen 5, 6240 Ørskog

På husflidskveldane har vi gjerne eit tema innan ein eller annan slags handarbeidsteknikk. Dessutan gjerne enkel servering og loddsal.

Husflidskveldane har hatt ulike aktivitetar som pjoning, strikking, sying av filthjarte og dypping av heilage-trekongarlys. Vi har arrangert kurs i pjoning, sying av skinntøfler og skinnfellar.

Medlemskveldar er det kvar måndag på lagslokalet vårt. Her møter den som har lyst for uformelt samvere med andre medlemer medbragt handarbeid. Måndagskveldane blir òg brukte til å førebu aktivitetar i laget.

Ung husflid. Vi har sett i gang Ung husflid-gruppe og har enkelte arrangement i løpet av året for dei.

Kurs. Vi har i fleire år hatt kurs i å brodere og montere ei bunadskjorte som er forankra i lokal tradisjon, Berte Melle-skjorta, eller ørskogskjorta. Vi har også kurs innan andre område, - brodering av ørskogbunad, skaut til sunnmørsbunadene, hentaband, skinnsaum, saum av barneklede og plantefarging.

Historie: Ørskog og Skodje Husflidslag vart stifta 3.mars 1986, og feira 30 års jubileum i 2016.

Vi har hatt utstillingar og delteke på messer i distriktet. Vi har gjerne ein sommartur i juni. Einskilde arrangement berre for medlemmer, og andre er opne arrangement.

Boksamling

Husflidslaget har ei ganske god boksamling som er tilgjengeleg for medlemene. Bøkene står på lagslokalet på Steinholt.

Kalender

Nyheter

Ørskog husflidslag har arrangert kurs i brodering av Ørskogskjorta, og vil nok arrangere fleire.

Ørskog husflidslag og Bydekvinnelaget har hatt ei skjortenemnd og utarbeidd mønster og broderiretteleiing til dame- og herreskjorta ut i frå Berte Melle sine eigne tilvisingar. Ho utarbeidde dette på 70- talet, etter gamle mønstre funne på gardar i Ørskog. Ei av desse gamle skjortene er no oppbevart på Bunad-og folkedraktrådet i Valdres.

Det er berre på Ørskog husflidslagsine kurs du får lære å sy denne skjorta. Lærarane på kursea har vore Edit Tomren og Jorunn Langleite. Dei har lært kunsten av Berte Melle sjølv.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPrivacy

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.