Vi er eit ungthusflidslag som vart skipa i 2007, og held til i eit flott historisk bygg -den restaurerte "Bruksbutikken" i Garvargata 1 ved sida av Møre folkehøgskule.  

Lokala våre tillet mange ulike aktivitetar, vi har vevavdeling, fleire arbeidsbord og ein kjekk sofakrok.

Laget har uformelle aktivitetskveldar der ein har med handarbeid etter eiget ønske, vevdagar og arbeidsstove for Ung Husflid. I tillegg har vi temakveldar og medlemsmøter med fokus på ulike husflidsteknikkar 4-5 gonger i året.

Alle er hjartelig velkomne, og du finn meir informasjon om oss på heimesida vår.

Ørsta Husflidslag har si eiga heimeside på 

orstahusflidslag.net

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.