Utfordring: Handplagg!

Vi lagar og viser ulike handplagg

For å hjelpe til med å skape aktivitet no i koronatida oppfordrar vi lokallaga til for eksempel å ha handplagg som emne på ein temakveld, finne fram gamle og nye produkt og oppskrifter, kanskje lage ei utstilling, løfte fram ein teknikk, eit mønster eller ein lokal vott eller anna handplagg, eller trekke fram spesielle teknikkar som er å finne i handplagga.

Alle former for aktivitetar kan brukast. Det viktigaste er at det skjer noko rundt om i fylket!

Ta kontakt med ditt husflidslag og etterspør kva som skjer lokalt. 

Vi startar utfordringa i lokallaga på denne måten:

To lokallag startar 20. oktober 2020. Desse to lokallaga tek bilete av eitt eller helst fleire handplagg og skriv ei kort tekst om plagga (teknikk, materiale eller anna relevant info) Lokallaga kan godt legge det ut i sine sosiale medier.

Innan 14 dagar utfordrar i tillegg lokallaga kvar sine to nye husflidslag til å gjere det same. Slik vil stafetten gå vidare til alle lokallaga har blitt utfordra. Send namn på lag som vert utfordra til: ane_bli@hotmail.com eller ase.uran@neasonline.no - Møre og Romsdal Husflidslag legg ut på nettsida/Facebook.

Innan ca ein månad sender lokallaga bilete, tekst og anna relevant info til: ane_bli@hotmail.com eller ase.uran@neasonline.no - Møre og Romsdal Husflidslag legg ut på nettsida/Facebook. 

Produkta kan vere gamle, nylaga, rare, unike eller vanlege og det kan vere pulsvarmarar, vantar, vottar eller andre handplagg. Teknikk og storleik er valfri. Om du har laga produktet sjølv og har ei oppskrift, er det fint om du også vil legge den ved. NB! Du kan ikkje legge ut oppskrifter på produkt som andre har laga og har rettigheter til.

Vi vonar å avslutte utfordringa med ei utstilling under fylkesårsmøte i 2021. 

Desse er utfordra:

Molde Husflidslag - 20. oktober

Giske Husflidslag - 20. oktober

-

Kristiansund Husflidslag - 11. november

Rauma Husflidslag - 11. november

Ålesund Husflidslag - 11. november

Sula Husflidslag - 11. november

Vi lagar og viser ulike handplagg

For å hjelpe til med å skape aktivitet no i koronatida oppfordrar vi lokallaga til for eksempel å ha handplagg som emne på ein temakveld, finne fram gamle og nye produkt og oppskrifter, kanskje lage ei utstilling, løfte fram ein teknikk, eit mønster eller ein lokal vott eller anna handplagg, eller trekke fram spesielle teknikkar som er å finne i handplagga.

Alle former for aktivitetar kan brukast. Det viktigaste er at det skjer noko rundt om i fylket!

Ta kontakt med ditt husflidslag og etterspør kva som skjer lokalt. 

Minner om søknadsfrist for stipend 1. november!

For mer informasjon, se under "Om oss": Tildeling av stipend og søknadsskjema stipend.

19. okt 2019 - 20. okt 2019 på Hotell Alexandra i Molde.

Velg mellom tre kurs, alle kursene går over to dager:

Kurs 1: Blokktrykk på ullstoff, kurslærer: Randi Hole
Kurs 2: Redesign - sy om gamle plagg, kurslærer: Ida Melling Bolme
Kurs 3: Nytt liv til gamle ull-/strikkeplagg - reparer og forleng levetiden, kurslærer: Helene Henriksen

Kalender

Nyhende frå lokallaga

HOLDBART OG MATERIALKUNNSKAP TEKSTIL

Bunadsgruppa møtes hver andre mandag klokka 11 - 14 i husflidskjelleren. 

Dette er en gruppe som arbeider med bunadsøm. Det er ikke et kurs, men mulighet for å få råd og veiledning. Ta med lunsj til eget behov. Kaffe/te blir servert.  

Pris kroner 30,- pr gang

Mange har en gammel rokk. Men hvor mange kan spinne på den? Det lærte Mona Aalstad av sin bestemor, og her viderefører hun teknikken i Husflidskjelleren på Åndalsnes. Hvis du har lyst til å lære å spinne, så ta gjerne kontakt.

Kva skjer i lokallaga

2 des 2021 19:00

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.