Fron Husflidslag held til på Tokstad (ved brannstasjonen)på Vinstra. Her har vi møte kvar tysdag!

Temaliste for møta er sendt ut til alle medlemmane og ligg også på heimesida vår,ellers er det og publisert i Gd på "Det skjer", og på Facebook sida vår.Mykje av det vi driv med kjem og på instagramprofilen vår. 

På aktvitetskveldane våre er alle velkomne!  

På Tokstad har vi rundt 15 vevar.
Kom innom for å sjå viss du har lyst. Kanskje får du lyst til å prøve noko av dette. Er det ikkje ledig, kan du legge lapp til den som vev på veven du har lyst til å veve på om at du vil bli kontakta når den er ferdig med veven . 

Elles synest vi det er fint om medlemmane bruker lokala vi har. T.d. kan dei møtast til triveleg samvere med handarbeide el anna av felles interesse.

Er det noko du har lyst til at vi skal ta opp på medlemsmøta el. du har forslag til aktivitetar, så meld frå til ein i styret. Vi er svært glade for innspel.

Fron Husflidslag har 68 medlemmar, derav 8 barn.

Kalender

Nyheter

I vekene 10-tom 14 i 2020 blir det Ung husflid att! 

Det blir utsendt spesiell invitasjon til 5. og 6. klassingane i Frons kommunane. Men er og ope for alle barne og ungdomsmedlemmane våre!

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.