Lom Husflidslag skal vera aktive for å ivareta tradisjonar og lokalt handverk. Dette blir gjort med kurs og "arbeidsstugu" for vaksne, born og unge, samt temakveldar med ymse teknikkar.

Det blir arrangert strikkekafé kvar tysdag, målet er å ha temakveldar ein tysdag i månaden frå februar til mai og frå september til desember.
Laget hadde per 1. april, 51 medlemmar derav 3 barn og unge i Ung husflid. Styret i laget har jobba aktivt for å verva fleire medlemmar, og for å kunna vidareføre, og skape ytterlegare engasjement i lokallaget.

Husflidslaget har lokal i 2. etasje på Gamle Banken (tidl. Kykjelydhuset). Det meste av aktivitar skjer i desse lokala. Her finn du også ei lita vevstugu. 

Dei som er medlemmar i Husflidsforeininga får mellom anna 10% avslag på varer på Husfliden, og på Fjoset i Lom om du kjøpar garn frå Rauma, Alpakka og Sandnes. Du får også reduserte prisar på kurs og aktivitetar i laget. Sjå alle sentrale medlemsfordelar her.

Kalender

21 mai 2019 18:00, Lom husflidslag, Brubakken 8, 2686 Lom

28 mai 2019 18:00, Jutulskinn, Vågå.

Nyheter

Aktivitetsdag i Presthagen onsdag 4. juli

Tysdag 15. mai kl. 18.30 inviterer vi til medlemskveld hjå Sigrid Blekastad frå Gausdal, ei av få her i landet som har mastergrad i glasmaleri-kunsten. Ho har nyleg etablert seg på Klones i Vågå, og vi vil sjå litt kva ho driv med, lære om teknikkane ho nyttar og ikkje minst høyre om dette handverket som står i faresona for å forsvinne.

Jula 2018 ynskjer Lom husflidslag å arrangere ein innandørs julemarknad frå 1.- 9. desember, men for å helde ein marknad treng ein varierte produkt å selje. Om du har lyst til å delta med dine ting, har du tid framover for å førebu deg! Det er ope for alle!

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.