Studieringar hausten 2014

Dersom mange nok er interesserte, blir det sett i gong studieringar i haust. Her er det ingen kurslærar, men dei som tidlegare har halde kurs, vil vere til stades når dei har høve til det. Ring er eit tilbod til deg som har gått på kurs i emnet eller kan det frå før - og vil halde fram saman med andre slik at de kan inspirere og rettleie kvarandre.

 

  • BILETVEV 
  • BRODERING AV BUNAD
  • PLAGGSAUM
  • MONTERING AV BUNAD

  

Dag og tid vil bli fastsett i samråd med deltakarane.

Påmelding innan måndag 6. oktober til Magnhild Bakken : 91339996

Kalender

26 mars 2019 18:00

2 april 2019 18:00, Lom husflidslag, Brubakken 8, 2686 Lom

9 april 2019 18:00, Lom husflidslag, Brubakken 8. 2686 Lom

Nyheter

Aktivitetsdag i Presthagen onsdag 4. juli

Tysdag 15. mai kl. 18.30 inviterer vi til medlemskveld hjå Sigrid Blekastad frå Gausdal, ei av få her i landet som har mastergrad i glasmaleri-kunsten. Ho har nyleg etablert seg på Klones i Vågå, og vi vil sjå litt kva ho driv med, lære om teknikkane ho nyttar og ikkje minst høyre om dette handverket som står i faresona for å forsvinne.

Jula 2018 ynskjer Lom husflidslag å arrangere ein innandørs julemarknad frå 1.- 9. desember, men for å helde ein marknad treng ein varierte produkt å selje. Om du har lyst til å delta med dine ting, har du tid framover for å førebu deg! Det er ope for alle!

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.