Kurset vil omfatte alt frå å finne eit godt trevyrkje, grovforme det og tørke det, bearbeiding til ferdig orv og festing av ljåblad.  Kurslærar blir ein «dugnad» av fleire som har kunnskap om håndverket. Per Stabell tek hovudansvaret og får iallfall hjelp av Jo Kåre Bakke.  Dei håpar at alle på kurset vil bidra med eigne kunnskapar og erfaring. Omfang: ca. 15 timar.  Fyrste kurskveld blir mån. 8.juni kl. 19 – 22 i Ullinsvin (i hovudhuset eller ute avhengig av vêret).  Ta med papir og blyant. Resten av kurset blir august/september, når alle har funne tre-emne og tørka det.  Deltakar-tal minimum 5. Påmeldingsfrist tys.2.juni til Åse Flittie Anderssen tlf. 90124347, e-post ase.sandbu-gard@hotmail.com, eller her. 

8. juni 2020 - 15. sep 2020

Ullinsvin

Medlem av Norges Husflidslag 800 kr, ikkje-medlem 1.100 kr.

Meld på med epost Åpner et nytt vindu med din epostklient med ny epost til ase.sandbu-gard@hotmail.com
Påmeldte

Kalender

Nyheter

I Vågå husflidslag har vi fleire faste aktivitetar som er opne for alle.

Årsmøte i Ullinsvin 12. februar klokka 19.

Ei oversikt over dei faste aktivitetane våre finn du her.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.