Førjulsmarknad i Ullinsvin

Vågå husflidslag inviterer til førjulsmarknad i
Ullinsvin 21 og 22 november 2015. Det blir kafé, framsyning av handverk, kofteutstilling, lotteri, salgsbodar og felles utsal av handlaga produkt.

Opningstider:
Laurdag 21. november kl. 11 – 15
Sundag 22. november kl. 12 – 15

Informasjon:
Vi lagar ein felles salgsutstilling der du kan levere produkt som vi sel for deg. Medlemmar i husflidslag betaler 10% av omsetnaden til arrangøren, dei som ikkje er medlemmar betaler 20%. Du kan også få ein eigen stand inne med bord. Dette kostar kr. 100 for medlemmar og kr. 200 for ikkje medlemmar. Vi ordnar bord. 

Levering av produkt til salgsutstilling skjer fredag kveld frå kl. 18. Ordning av stand for dei som har eiga utsal skjer laurdag frå kl. 09.30.

For levering av varer eller ønskje om stand ta kontakt med:

Anne Grøsland eller Thea G. Dalen på tlf. 905 28 076/ 906 56 326

Har du ei kofte eller fleire du ønskjer å låne ut til utstillinga ta kontakt med Mary Øyen eller Anne Silje Berg på tlf. 913 12 151/ 905 83 658

Kalender

Nyheter

I Vågå husflidslag har vi fleire faste aktivitetar som er opne for alle.

Årsmøte i Ullinsvin 12. februar klokka 19.

Ei oversikt over dei faste aktivitetane våre finn du her.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.