Laget vart stifta 8. mars 1988. Pr 01.01.2020 har me 22 medlemmer.
AKTIVITETAR
Strikkekafe:
Kvar tysdag har me kreativt verksted på Haukåsen. Me kallar det og strikkekafe. Her har mange av oss lært Hakking, Pjoning, Englemasker og Stjernebretting.
Strikking av tepper, tøfler og mye anna.
Nokre prøver seg og på Kontestrikk, ser vanskeleg ut, men er visst lett når du kan det. Det kjem mellom 15 og 20 kvar gong, og du treng ikkje eingong å ha med handarbeid . Det er lov å sjå på og berre vera sosial.
Me har ope frå klokka 12.00 til 16.00.
Det siste åra har damene på strikkekafeen strikka babytepper til alle babyar i kommuna.
Me inviterer dei nyfødte med foreldre på strikkekafe, der gåver blir overlevert.
Det serveres litt mat og drikke, samt masse hygge og kos.
Me har ein dag rett etter nyttår, og ein på våren. Dette er ein fin anledning til å møtes på tvers av generasjoner.
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.