Kalender

januar

26 jan 2021 18:00 - 26 jan 2021 21:00, 1900-huset, Bryne

Husflidstreffa er siste tysdagen i månaden kl 18 til 21 på
1900-huset. Me inviterer til ein aktivitet for
kvelden. Vil du heller ha med ditt eige
handarbeid, er du velkommen til det. Du
betaler 20 kroner + eventuelle materiale. Me
kan berre vera 15, så det er påmelding til
Reidun Gudmestad tlf 90572406.

Tysdag 26. januar: Dortea Haugland lærer oss å laga natronkaker.

28 jan 2021 18:00 - 28 jan 2021 21:00, Time bibliotek

Fikselaug på biblioteka på Nærbø og Bryne. Det blir to
lørdagar på Nærbø og siste torsdagen i månaden på Time bibliotek.

Ta med eit klesplagg eller eit anna tekstil som treng fiksing.
Kom og få råd og tips om korleis du best kan gjera det. Me har symaskin, ulike
lappar og tråd.
Kontaktperson: Reidun Gudmestad tlf 90572406
Hå folkebibliotek, Nærbø: lørdagane 27/2og 13/3 kl 10.30-13.30. Gratis.
Time bibliotek: torsdagane 28/1, 25/2, 25/3, 27/4 og 25/5 kl 18-20.30. Medlemmar gratis,
andre betaler 50 kr for hjelp og materiale.

februar

2 feb 2021 19:00 - 2 feb 2021 22:00, Time kommunestyresal

Møta er kl 19 i kommunestyresalen i Time
rådhus. Ta med kopp og matpakke. Det er
påmelding til alle møta til Reidun
Gudmestad tlf 90572406.
Tysdag 2. februar: Årsmøte. Servering av
smørbrød og kake. Ta med kopp og tallerk
og handarbeid. Påmelding seinast 29.
januar. Inngangspengar: 100 kr.

8 feb 2021 18:00 - 8 feb 2021 21:00

Sølvgruppa møtest andre måndag i månaden kl 18 til 21. Kontakt: Astrid Holen tlf 41605531.

Dei ulike gruppene møtest ein gong i månaden. Alle er velkomne.
Sidan me berre har lov å vera 15 i rommet, så ta gjerne kontakt på førehand om du er ny.

11 feb 2021 19:00 - 11 feb 2021 22:30

Spinneringen samlast andre torsdagen i månaden kl 19 til 22.30.
Kontakt: Therese Oddane tlf 41293523.

Dei ulike gruppene møtest ein gong i månaden. Alle er velkomne.
Sidan me berre har lov å vera 15 i rommet, så ta gjerne kontakt på førehand om du er ny.

Kalender

26 jan 2021 18:00, 1900-huset, Bryne

28 jan 2021 18:00, Time bibliotek

2 feb 2021 19:00, Time kommunestyresal

Nyheter

Me måtte utsetja kursa som skulle ha starta i januar. Håpar på betre tider og kurs seinare - om ikkje så altfor lang tid. Følg med Facebook så får de nærare informasjon når me veit meir. Me får kosa oss med handarbeid heime så lenge 

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPrivacy

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.