Velkommen til Strand Husflidslags heimeside. Strand Husflidslag vart stifta i 1988 og har 38 medlemmer. Vi held til i Husflidshuset i Fjelltunvn. 27 på Jørpeland. Her har vi medlemsmøter, kurs , studieringar og andre aktivitetar.

Medlemskontingenten inkluderar 5 nr. av bladet Norsk Husflid. Du får også 10% rabatt på Husflidslagets kurs og 10% rabatt ved kjøp av varer, også bunad og sølv, på Husflidens utsalg.

Aktivitetar:

Vi har møte på Husflidshuset siste måndag i månaden. På møtene tek vi opp ulike tema innan husflid, og vert dermed kjent med både nye og gamle teknikkar. Som regel innhentar vi folk med kompetanse som veiledarar, andre gonger nyttar vi medlemmer som har god erfaring og kompetanse på området. Medlemmene har også høve til å møtast dei andre måndagane i månaden.

Laget har eiga vevgruppe - alle hjelper kvarandre med gode råd og rettleiing. Oppsetting av vev er dugnad, og så vev vi til oss sjølve. Studiering i vev startar i haust.

Andre tovar, syr lappar, heklar m.m. Om du ikkje held på med noko av dette, tek du med deg anna handarbeid du likar og kjem og er med oss. Vi har alltid noko godt å bita i, kaffi, te, pratar og kosar oss.

Temamøtene vert kunngjort i lokalavisa vår Strandbuen - så følg med.

Alle er hjarteleg velkomne!

Kalender

8 feb 2021 19:00, Husflidshuset, Fjelltunvegen 27, Jørpeland

8 mars 2021 19:00, Husflidshuset, Fjelltunvegen 27, Jørpeland

26 april 2021 19:00, Jette Ravndals place

Nyheter

Me synst at det er vanskeleg å halda oppe aktiviteten i Husflidslaget i desse koronatidene. Men  me prøver å vera optimistiske, og har sett opp eit enkelt program for vårhalvåret, som me trur kan la seg gjennomføra.

Kalender våren 2021

Følg med på annonser i Strandbuen og på Facebook-sida vår, så får du oppdatert informasjon etter kvart.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPrivacy

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.