Dei unge pølsemakarane på Ung Husflid har fått 3 sider i lokalavisa Suldalsposten. 

På to timar skal dei 4 ungdommane for første gong gi seg i kast med å laga pølse. Med seg har dei to gode tradisjonsbærarar, Monica Vela og Jan Hallvard Møgedal. Dei unge hevar ikkje på augnebrynene av kjøttfarse og spekk. Sist dei var på Ung husflid-kjøkkenet var det to grisehovud som skulle pitlast og bli til håvost og sylte. Mange små trådstumpar blir kutta opp og ei lita nål blir funne fram. Det er det næraste dei kjem husflidsarbeid denne kvelden, men tarmen på tuten må knytast igjen i enden. 

Du kan lesa heile artikkelen her!

Etter eit halvårs pause, dreg me igong med bunadskurs igjen til våren. 

Du finn informasjonen du treng her:            Sjå plakaten her

På Landsmøtet i Norges Husflidslag 2018 vart Suldal Husflidslag tildelt ein av heidersprisane, kategori Organisering, for arbeidet med Ung Husflid. 

Bunadskurs, igjen og igjen. 

Å sy bunad er ikkje gjort i ei handvending. Difor er det mange av deltakarane som går sesong etter sesong. Eit semester er det brodering av bunad, neste sesong montering. Så er det bunadskjorta. Og når eigen bunad er ferdig, er det alltid sønner, døtre, barnebarn som ønskjer seg eit stasplagg. Lokalavisa Suldalsposten laga i vår ein flott artikkel om bunadskursa i Suldal Husflidslag. 

Bunadskursa er gode døme på god vaksenopplæring, i desse statsbudsjett-tider. 

Flott adventsartikkel i lokalavisa frå Ung Husflid

Flott omtale av Spøtakafeen og Pinnhuer frå Suldal i lokalavisa.

Suldal husflidslag har hatt årsmøte. Føre årsmøtet var det spøtekafe på kulturhuset. Suldal kommune arrangerte sitt "ny i Suldal" arrangement. Me fekk vise oss fram til dei nye innbyggjerane i Suldal. Tema for dagen var spøta halsar, ved Ingfrid Marie Solland. 13 personar var med på spøtakafeen. I tillegg var mange bortom og helsa på oss. Suldalsposten var tilstades.

Suldal husflidslag markerte Husflids- og Kulturminnedagen i samarbeid med Suldal kulturhus.

Rogaland Husflidslag inviterer til medarbeidersamling 9.-11. oktober 2015 på Grand hotell i Egersund.

Temaet er Ull

Miniutstilling av kufter i foajeen i Kulturhuset.

Suldal kommune inviterte alle nye innbyggjarar i Suldal til lunsjtreff den 1. november. Lag og organisasjonar var invitert for å vise fram kva dei driv med.

Knyting av garnkuler i moderne drakt

Har de einslege vottar liggande å slenge, har me veldig lyst å låne, eller få dei.

Det blir strikkekafe torsdag 2 oktober 2014 på kulturhuset på Sand, kl 18-20. Tema er katterompe. Alle er hjarteleg velkommen.

- ei utstilling om handverket og bruken, -tradisjonelt, -i nyare tid, -i framtida 

Sommarutstilling på Kolbeinstveit, heile sommaren fram til 17. august.

måndag 11. august kl. 19.00: Anna Halsne: Utviklinga av krossåkle -tradisjonelt - i nyare tid - i framtid.

laurdag 16. august kl. 12.00: Else Moe Schmidt: Ta med åkle ditt og få det analysert.

Som siste skot på lagsstammen startar nå Suldal Husflidslag eit aktivitetstilbod for unge. – Me ser for oss å følgja året når me set opp dei ulike aktivitetane, forklarer Monica Vela og Liv Hiim. Ein laurdag i månaden inviterer dei til tre timar med aktivitet med ein liten matpause som avbrekk.

Les mer i Suldalposten 16.10.2013

Kalender

7 nov 2019 18:00, Arbeidsskulen på Eide

5 des 2019 18:00, Arbeidsskulen på Eide

Aktuelt

Dei unge pølsemakarane på Ung Husflid har fått 3 sider i lokalavisa Suldalsposten. 

På to timar skal dei 4 ungdommane for første gong gi seg i kast med å laga pølse. Med seg har dei to gode tradisjonsbærarar, Monica Vela og Jan Hallvard Møgedal. Dei unge hevar ikkje på augnebrynene av kjøttfarse og spekk. Sist dei var på Ung husflid-kjøkkenet var det to grisehovud som skulle pitlast og bli til håvost og sylte. Mange små trådstumpar blir kutta opp og ei lita nål blir funne fram. Det er det næraste dei kjem husflidsarbeid denne kvelden, men tarmen på tuten må knytast igjen i enden. 

Du kan lesa heile artikkelen her!

Etter eit halvårs pause, dreg me igong med bunadskurs igjen til våren. 

Du finn informasjonen du treng her:            Sjå plakaten her

På Landsmøtet i Norges Husflidslag 2018 vart Suldal Husflidslag tildelt ein av heidersprisane, kategori Organisering, for arbeidet med Ung Husflid. 

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.