Ung Husflids hederspris

På Landsmøtet i Norges Husflidslag 2018 vart Suldal Husflidslag tildelt ein av heidersprisane, kategori Organisering, for arbeidet med Ung Husflid. 

Suldal Husflidslag har bygd opp ei stor gruppe med Ung husflid. Av totalt 80 medlemmer, er 8 ungdommar og 40 barn. Her er det fleire barn enn vaksenmedlemmer! i 2017 hadde dei 17 arrangement/aktivitetskveldar med til saman 386 barn og unge som deltok. Flinke ressurspersonar, med Monica Anvik Vela i spissen, driv Ung Husflid-arbeidet. Det er så stor pågang på barneaktiviteane i Suldal, at dei nå vil dele dei inn i aldersbestemte grupper for betre å kunne leggje til rette arbeidet. 

Kalender

Aktuelt

Det blir kurs i plantefarging med vaid den 16 Mars 2020, me kjem også til å overfarge noko garn. 

Kurs i sauefell!

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.