Sogn og Fjordane Husflidslag vart skipa i 1969 og er tilslutta Norges Husflidslag. Fylkeslaget administrerer 15 lokallag med tilsaman ca 650 medlemmer.

Vestlandsvotten

Målet med konkurransen var å få fram ein jubileumsvott som kan fungere som eit symbol på husflidsrørsla i det nye fylket Vestland - altså ein Vestlandsvott.

Resultat av konkurransen

1. PREMIE
Elisabeth Attramadal - Bergen.
Deltakaren fortel bakgrunnen for val av mønster. Godt gjennomtenkt materiale - og fargeval. God passform. Oppskrifta er tydeleg og lett forståeleg. Alle mønsterelement har tydeleg symbolikk som kan knytast til Vestland fylke.
Garn: Sølje og Ask frå Hillesvåg
Juryen vel å sjå vott nr 20 saman med nr 13. Denne votten er ei enklare utgåve med same symbolikken. Blir tildelt Diplom for godt handverk!

2. PREMIE

Kari Johnsen - Aurland i region Sogn og Fjordane
Her ser vi fjord og fjell og grøne bøar i mønsteret. Juryen meiner det er fint å kunne bruke votten på begge sider. God passform. Artig tommel og original «topp». Godt materialval. Oppskrift: Lett forståeleg.

Garn: Sølje Pelsullgarn, Hillesvåg.

3. PREMIE

Betty Hermansen - Godvik, Bergen
Mønsteret har element frå fylkesvåpenet. Brotet er originalt. Teknisk svært godt utført. Enkelt og brukarvenleg mønster.

Garn: 2 tr. Gammelserie. Raumagarn

Heiderleg omtale går til:

Margaret N. Thorbjørnsen - Rådalen, Bergen
Spennande fargeval. God passform. Teknisk godt utført.

 

Oppsummering:

Juryen er begeistra for dei innsende vottane. Eit mangfald i mønster og farger. Juryen kvalitetssjekkar oppskrifta ved å prøvestrikke vinnarvottane.

Praktisk informasjon om rettigheiter etc.
Jfr. punkt 5 i reglane: Eit utval innsende vottar skal utgjera ei vandreutstilling som startar i samband med årsmøta for begge fylkeslaga i Bergen 28. mars. Utstillinga får første stopp i Husfliden Bergen, og vandrar mellom interesserte husflidslag ut jubileumsåret.

Jfr. punkt 6 i reglane: Dei to arrangørlaga vert eigarar av premierte vottar med oppskrifter, og har med dette einerett i høve til sal og marknadsføring.

Utstilling og marknadsføring:
Planane for utstilling og marknadsføring må utsettast inntil vidare pga situasjonen med koronaviruset. Dette vil vi komme tilbake til seinare.

Premier
Kr. 5000 til vinnaren, kr 3000 for 2. premie og kr 1000 for 3. premie 

Fylkeslaget og Husflidskonsulenten inviterer til spennande
medarbeidarsamling på Thon Hotel Jølster, Skei, laurdag 14. november

Påmeldingsfrist måndag 2. Desember.

Bruk skjema sendt på e-ppst for påmelding, som du returnerer
pr. epost; sfjh@online.no

Dersom du har spørsmål, så ta kontakt med:
SFH-kontoret: mobil. 977 04 140:
- måndag kl. 08.00 - 15.30 eller torsdag kl. 11.45 - 15.30

Er du oppteken av fagopplæring innanfor tradisjonelle handverksfag?

Bunad er tradisjon, eit fest- og høytidsplagg, ein arv–men for mange er den så mykje meir.
Kva er din din bunadshistorie?

Kalender

Nyhende frå lokallaga

i Trudvang måndag den 15.februar 2021 klokka 1900

Grunna Covid-19 held me årsmøtet i Trudvang fordi der er faste stolar.

Påmelding til Kari, mobil 976 64 401  innan 12. februar

Grunna korona vert aktivitetskvelden i desember utsett til 18.januar. Me håpar på betre tider i det nye året! Me er lova Votteutstillinga frå Hordaland og Sogn og Fjordane husflidslag. Du kan sjå utstillinga på Huldra Husflid og kunsthandverk i Flåm frå neste veke og framover mot nyttår. Over nyttår vert votteutstillinga å finna i biblioteket i Aurland. Den 18.januar har me votteutstillinga i Hopastova; håpar me. Aurland Husflidslag takkar for annleis året som gjekk og ønskjer alle ei god jul!

Du finn info om Votteutstillinga på heimesida til Sogn og Fjordane husflidslag: http://www.husflid.no/lokal_og_fylkeslag/sogn_og_fjordane

Kurs er utsatt til vår 2021

Kva skjer i lokallaga

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.