Årdal husflidslag tel i dag 20 medlemmar. Me held til i "gamle sjukestova" i Røtisvegen 29 i Øvre Årdal, der me leiger to rom.
Etter kvart har me også fått tekjøkken og toalett i same høgda.

Laget har faste arbeidskveldar på onsdagar mellom 18.00 og 20.00. Det er som regel aktivitet både med sølvarbeid og i vevstolane, og oftast er det fleire spøt å sjå. Kaffi og noko å bite i er også fast desse kveldane.

Ta deg gjerne ein tur innom og sjå om dette kan vere noko for deg. Me ynskjer oss fleire medlemmar.

Måndag føremiddag i partalsveker, mellom 12.00 og 14.00, har me strikkekafé på eldresenteret i Øvre Årdal.

Frå juni til kring skulestart tek me sommarferie frå dei faste aktivitetane.

Me har vår eigen blogg på

ardalhusflid.blogspot.no

Kalender

Nyhende

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.