Kalender

Nyhende

Måndag den 6.mai arrangerer husflidslaget STRIKKNIKK. Strikknikk er ei samblanding av STRIKKing og pickNIKK. Ha på deg turskoa, legg termos og litt kaffigodt i sekken og finn fram strikketøyet, so er du klar. Me gjer som Hans Nielsen Hauge, me strikkar medan me går. Målet er dagsturhytta. Vel framme tek me fram nista, set oss ned på eigneproduserte sitteunderlag og nyt utsikta medan strikkepinnane og drøset går. Husflidslaget ønskjer alle velkomne til å bli med på STRIKKNIKK. Dette er ein saktetur. Frammøte ved Hopastova klokka 18.

Måndag den 25. februar klokka 17.30 – 19.00 startar Ung Husflid opp att i Hopastova. Elevar frå og med
4. klasse til og med 7.klasse er velkomne til gjera husflidsaktivitetar.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.