Måndag den 6.mai arrangerer husflidslaget STRIKKNIKK. Strikknikk er ei samblanding av STRIKKing og pickNIKK. Ha på deg turskoa, legg termos og litt kaffigodt i sekken og finn fram strikketøyet, so er du klar. Me gjer som Hans Nielsen Hauge, me strikkar medan me går. Målet er dagsturhytta. Vel framme tek me fram nista, set oss ned på eigneproduserte sitteunderlag og nyt utsikta medan strikkepinnane og drøset går. Husflidslaget ønskjer alle velkomne til å bli med på STRIKKNIKK. Dette er ein saktetur. Frammøte ved Hopastova klokka 18.

Måndag den 25. februar klokka 17.30 – 19.00 startar Ung Husflid opp att i Hopastova. Elevar frå og med
4. klasse til og med 7.klasse er velkomne til gjera husflidsaktivitetar.

 

Måndag den 25.februar 19.30 – 21.00 inviterer husflidslaget medlemmer og ikkje-medlemmer til ein triveleg aktivitetskveld i Hopastova.

 

Tema er vevstrikk. Me viser korleis du kan strikka skjerf i vevstrikk med to fargar. Me vil også vise andre mønster med vevstrikk der me brukar to eller tre fargar.

 

Du kan gjerne ta med eige handarbeid og du ønskjer.

Det vert servert te og kaffi.

 Vel møtt!

 

Julemesse på Aurland barne- og ungdomsskule

Husflidskveldar i Hopastova

Går du i 4. 5., 6 .eller 7.klasse er du velkommen til å vera med på aktivitetskveldane i Hopastova i haust. 

I siste del av oktober markerer husflidslaget Ullveka.

Måndag den 22.oktober klokka 19.30 vert det medlemskveld i Hopastova. Dei som ønskjer det, kan tova ein fugl, eller du kan ta med eige handarbeid. Medlemskvelden er open for alle, so be gjerne med deg naboen eller ein annan person du trur vil trivast i Hopastova.

Torsdag den 25.oktober er det strikkekafe på Huldra frå 18.00 - 20.30.

Laurdag er me på Vangen frå 11.00 til 15.00. Fokuset vert på ull. Me vil spinna, strikka og tova. Me serverer kaffi og bollar. 

Du er velkommen til medlemskveld i Hopastova måndag den 24.september klokka 19.00. Ta med deg eige handarbeid om du vil. Velkommen til ein triveleg kveld i godt lag. 

16.april klokka 17.30. Denne måndagen får me besøk av husflidskonsulent Synøve Eriksen Vadøy. Tema er toving - Vi lager fargerike kuler til nøkkelhanker og armband

16.april klokka 19.30 - 21.30. Me får besøka av husflidskonsulent Synøve Eriksen Vadøy. Ho held

føredrag om forholdet me har til ull. Er me bevisste nok?

Det blir anledning til å kjøpe ein liten materialpakke for å brodere ei artig nålepute i løpet av kvelden.  Materialet kostar kr 25.- Ta med kontantar!

Du kan sjølvsagt gjerne ta med ditt eige handarbeide også.

13.-15.april arrangerer laget helgekurs pilflettingskurs v/ Sjøtunet i Hardanger. Drude Isane er kursleiar.

Aurland husflidslag skipar til to studieringar i mars, bunadscape ig bunadslenke. Studieringane er gratis, men du må vera medlem av Aurland Husflidslag. Utgifter til materiale må deltakarane dekka sjølv. 

Ung husflid har fire aktivitetskveldar i Hopastova i vår. 

Velkommen til ein triveleg husflidskveld i Hopastova, måndag den 11.desember klokka 19.30. Tilstellinga er open for alle.

Aurland husflidslag arrangerer også i år julemesse på Aurland barne- og ungdomskule, laurdag den 2.desember frå 12.00 til 17.00. Nye produsentar kan melda ifrå på tel. 468 99 331 for å få informasjon om stand. Husflidslaget disponerer eit eige bord der medlemmer kan selja produkt.

Måndag den 23.oktober klokka 17.30 til 19 er første aktivitetskvelden for ung husflid i haust. 

Aurland husflidslag avslutta sesongen med tur til Oleana. Oleana held til i den gamle bomullsfabrikken til Arna Fabrikker heilt nede ved Sørfjorden. Lokala er frå 1846. Til liks med Aurland skofabrikk er Oleana Économusée. Det betyr at du kan besøka fabrikken i opningstida. Du kan vandra gjennom saumsalen og strikkeriet og sjå handverkarane i arbeid. I første etasje er det butikk og utstillingar. Å besøka Oleana er ei reise i estetikk og eventyrleg tekstilhistorie, Dei har fått til noko ingen trudde var mogeleg! Hadde du ikkje høve til å bli med på turen, ta ein titt på bileta. Dei ligg inne på Aurland husflidslag si Facebook - side. Du finn lenke til høgre på denne sida. 

Kalender

Nyhende

Måndag den 6.mai arrangerer husflidslaget STRIKKNIKK. Strikknikk er ei samblanding av STRIKKing og pickNIKK. Ha på deg turskoa, legg termos og litt kaffigodt i sekken og finn fram strikketøyet, so er du klar. Me gjer som Hans Nielsen Hauge, me strikkar medan me går. Målet er dagsturhytta. Vel framme tek me fram nista, set oss ned på eigneproduserte sitteunderlag og nyt utsikta medan strikkepinnane og drøset går. Husflidslaget ønskjer alle velkomne til å bli med på STRIKKNIKK. Dette er ein saktetur. Frammøte ved Hopastova klokka 18.

Måndag den 25. februar klokka 17.30 – 19.00 startar Ung Husflid opp att i Hopastova. Elevar frå og med
4. klasse til og med 7.klasse er velkomne til gjera husflidsaktivitetar.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.