13.-15.april arrangerer laget helgekurs pilflettingskurs v/ Sjøtunet i Hardanger. Drude Isane er kursleiar.

Aurland husflidslag skipar til to studieringar i mars, bunadscape ig bunadslenke. Studieringane er gratis, men du må vera medlem av Aurland Husflidslag. Utgifter til materiale må deltakarane dekka sjølv. 

Ung husflid har fire aktivitetskveldar i Hopastova i vår. 

Velkommen til ein triveleg husflidskveld i Hopastova, måndag den 11.desember klokka 19.30. Tilstellinga er open for alle.

Aurland husflidslag arrangerer også i år julemesse på Aurland barne- og ungdomskule, laurdag den 2.desember frå 12.00 til 17.00. Nye produsentar kan melda ifrå på tel. 468 99 331 for å få informasjon om stand. Husflidslaget disponerer eit eige bord der medlemmer kan selja produkt.

Måndag den 23.oktober klokka 17.30 til 19 er første aktivitetskvelden for ung husflid i haust. 

Aurland husflidslag avslutta sesongen med tur til Oleana. Oleana held til i den gamle bomullsfabrikken til Arna Fabrikker heilt nede ved Sørfjorden. Lokala er frå 1846. Til liks med Aurland skofabrikk er Oleana Économusée. Det betyr at du kan besøka fabrikken i opningstida. Du kan vandra gjennom saumsalen og strikkeriet og sjå handverkarane i arbeid. I første etasje er det butikk og utstillingar. Å besøka Oleana er ei reise i estetikk og eventyrleg tekstilhistorie, Dei har fått til noko ingen trudde var mogeleg! Hadde du ikkje høve til å bli med på turen, ta ein titt på bileta. Dei ligg inne på Aurland husflidslag si Facebook - side. Du finn lenke til høgre på denne sida. 

TIL PRODUSENTANE PÅ JULEMESSA

Håndlaga produkt kan du selje på julemesse i Aurland 26.11.16.

Påmelding innan 1. november til

May Sigrun Winjum: mobil 468 99 331 / e-post may.sigrun@winjum.no

Margunn Tolleshaug: mobil 971 36 237 / e-post margunn.tolleshaug@gmail.com

Velkomen som deltakar!

Husflidslaget

Siste aktivitetskveld i Ung Husflid vart brukt til å gjera ferdig sitteunderlaga og anna

påbegynt arbeid og til å laga sopelimar. Takk til alle aktive, flinke unge husflidar som har møtt opp i Hopastova i vinter, det har vore veldig kjekt å vore i lag med dikkan!  

Her er mange ulike vevar. Det vert veva filleryer, dukar, løparar, skjerf, handdukar og mykje anna. Vevstova er open kvar måndag frå klokka 17 og utover. Du må vera medlem av Aurland Husflidslag for å få løyve til å bruka vevane. Du er velkommen til å bli med! Kontaktperson på vevstova er Anne Berit Borlaug mobil 917 10 518.

mobil 917 10 518. 

Onsdag 24.februar 18.00 - 21.00 er det strikkekafe på Huldra Husflid. Tema er strikketøfler inspirert av Arne & Carlos. 

Etter jul har aktivitetane vore skinntrykk, laga kjepphest, sy på symaskin og fingerhekla sitjeunderlag. Særleg den siste aktiviteten er veldig populær. Ungane fingerheklar lange band i tjukt ullgarn. Banda skal bli tova i vaskemaskina før dei skal limast saman til sitjeunderlag.  Dette har me ikkje gjort i Ung Husflid tidlegare, så både store og mindre store er spente på resultatet. 

Årsmøtet vert i Hopastova tysdag den 23.februar klokka 19.00

Måndag den 25.januar klokka 17.30 -19.00 startar Ung Husflid opp att i Hopastova. Elevar frå og med  4. klasse til og med 8.klasse er velkomne til gjera husflidsaktivitetar.

Husflidslaget har hatt to kveldar med Ung Husflid hittil i haust. Mellom 20 og 25 barn har møtt fram Dei har vore både flinke og ivrige, så aktiviteten har vore stor.  

Kalender

Nyhende

Første

laurdag i advent er det julemesse på Aurland barne- og ungdomsskule. 

Torsdag den 14.november er det strikkekafé på Huldra i Flåm. 

Ver velkommen!

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.