Julemesse 2017

Aurland husflidslag arrangerer også i år julemesse på Aurland barne- og ungdomskule, laurdag den 2.desember frå 12.00 til 17.00. Nye produsentar kan melda ifrå på tel. 468 99 331 for å få informasjon om stand. Husflidslaget disponerer eit eige bord der medlemmer kan selja produkt.

Kalender

Nyhende

Aurland husflidslag inviterer til medlemstur til Blaafarveverket

helga 6.-8.september

Måndag den 6.mai arrangerer husflidslaget STRIKKNIKK. Strikknikk er ei samblanding av STRIKKing og pickNIKK. Ha på deg turskoa, legg termos og litt kaffigodt i sekken og finn fram strikketøyet, so er du klar. Me gjer som Hans Nielsen Hauge, me strikkar medan me går. Målet er dagsturhytta. Vel framme tek me fram nista, set oss ned på eigneproduserte sitteunderlag og nyt utsikta medan strikkepinnane og drøset går. Husflidslaget ønskjer alle velkomne til å bli med på STRIKKNIKK. Dette er ein saktetur. Frammøte ved Hopastova klokka 18.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.