Medlemskveld

Du er velkommen til medlemskveld i Hopastova måndag den 24.september klokka 19.00. Ta med deg eige handarbeid om du vil. Velkommen til ein triveleg kveld i godt lag. 

Kalender

Nyhende

Aurland husflidslag inviterer til medlemstur til Blaafarveverket

helga 6.-8.september

Måndag den 6.mai arrangerer husflidslaget STRIKKNIKK. Strikknikk er ei samblanding av STRIKKing og pickNIKK. Ha på deg turskoa, legg termos og litt kaffigodt i sekken og finn fram strikketøyet, so er du klar. Me gjer som Hans Nielsen Hauge, me strikkar medan me går. Målet er dagsturhytta. Vel framme tek me fram nista, set oss ned på eigneproduserte sitteunderlag og nyt utsikta medan strikkepinnane og drøset går. Husflidslaget ønskjer alle velkomne til å bli med på STRIKKNIKK. Dette er ein saktetur. Frammøte ved Hopastova klokka 18.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.