Medlemsmøte

16.april klokka 19.30 - 21.30. Me får besøka av husflidskonsulent Synøve Eriksen Vadøy. Ho held

føredrag om forholdet me har til ull. Er me bevisste nok?

Det blir anledning til å kjøpe ein liten materialpakke for å brodere ei artig nålepute i løpet av kvelden.  Materialet kostar kr 25.- Ta med kontantar!

Du kan sjølvsagt gjerne ta med ditt eige handarbeide også.

Kalender

Nyhende

Aurland husflidslag inviterer til medlemstur til Blaafarveverket

helga 6.-8.september

Måndag den 6.mai arrangerer husflidslaget STRIKKNIKK. Strikknikk er ei samblanding av STRIKKing og pickNIKK. Ha på deg turskoa, legg termos og litt kaffigodt i sekken og finn fram strikketøyet, so er du klar. Me gjer som Hans Nielsen Hauge, me strikkar medan me går. Målet er dagsturhytta. Vel framme tek me fram nista, set oss ned på eigneproduserte sitteunderlag og nyt utsikta medan strikkepinnane og drøset går. Husflidslaget ønskjer alle velkomne til å bli med på STRIKKNIKK. Dette er ein saktetur. Frammøte ved Hopastova klokka 18.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.