Ullveka

I siste del av oktober markerer husflidslaget Ullveka.

Måndag den 22.oktober klokka 19.30 vert det medlemskveld i Hopastova. Dei som ønskjer det, kan tova ein fugl, eller du kan ta med eige handarbeid. Medlemskvelden er open for alle, so be gjerne med deg naboen eller ein annan person du trur vil trivast i Hopastova.

Torsdag den 25.oktober er det strikkekafe på Huldra frå 18.00 - 20.30.

Laurdag er me på Vangen frå 11.00 til 15.00. Fokuset vert på ull. Me vil spinna, strikka og tova. Me serverer kaffi og bollar. 

Kalender

Nyhende

Aurland husflidslag inviterer til medlemstur til Blaafarveverket

helga 6.-8.september

Måndag den 6.mai arrangerer husflidslaget STRIKKNIKK. Strikknikk er ei samblanding av STRIKKing og pickNIKK. Ha på deg turskoa, legg termos og litt kaffigodt i sekken og finn fram strikketøyet, so er du klar. Me gjer som Hans Nielsen Hauge, me strikkar medan me går. Målet er dagsturhytta. Vel framme tek me fram nista, set oss ned på eigneproduserte sitteunderlag og nyt utsikta medan strikkepinnane og drøset går. Husflidslaget ønskjer alle velkomne til å bli med på STRIKKNIKK. Dette er ein saktetur. Frammøte ved Hopastova klokka 18.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.