Og så er vi i gong...

Det er september, haust- og tid for kurs. På Davik har vi starta opp med kurs i å sy cape til nordfjordbunad, og vi har deltakarar frå 14 år og oppover. Vi har til og med ein konfirmant som vil sy sin eigen cape! Ikkje rart, forresten, for ho har vore ein ivrig medlem av Ung Husflid i fleire år. Vi vil presentere henne betre seinare. 

Åshild Dombestein er ein dyktig kurslærar. Ho har sjølv gått kurs og har sydd mange bunader til familien, så ho har god innsikt i metodar og fallgruver. Med årvake blikk losar ho oss vidare slik at capen skal bli perfekt...Med litt heimearbeid skal vi klare å sy ferdig capen på fire kurskveldar til. Ja, dette skal vi få til, Åshild!

Kalender

Nyhende

Åshild Dombestein fekk seg litt av ei overrasking då ho møtte som utsending frå laget vårt på årsmøtet til SFH i helga.

Å sy bunadcape er eit stort arbeid som krev at ein er flittig og nøyaktig, og ikkje minst må ein vere tolmodig. Det er lite maskinsaum og mykje handarbeid. Petra Marie har gått på kurs og sydd sin eigen cape. Vi tok ein prat med henne siste kurskvelden.

Det er september, haust- og tid for kurs. På Davik har vi starta opp med kurs i å sy cape til nordfjordbunad, og vi har deltakarar frå 14 år og oppover. Vi har til og med ein konfirmant som vil sy sin eigen cape! Ikkje rart, forresten, for ho har vore ein ivrig medlem av Ung Husflid i fleire år. Vi vil presentere henne betre seinare. 

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.