Ei uventa, men hyggeleg overrasking

Åshild Dombestein fekk seg litt av ei overrasking då ho møtte som utsending frå laget vårt på årsmøtet til SFH i helga.

Då Sogn og Fjordane Husflidslag markerte sitt 50-årsjubiléum i Førde sist helg, var det ein av utsendingane som fekk seg ei hyggeleg overrasking. Under festmiddagen var det mange lovord og helsingar til tillitsvalde på ulike nivå i organisasjonen, men etter kvart ville leiaren i SFH, Marit Andersen, framheve ein medlem. Utan å nemne namn fekk vi høyre om ei dyktig, raus og kreativ dame som alltid står parat når nokon treng hjelp. Ho er ein forsiktig person, men er likevel tydeleg og klar på sine meiningar. Når ho får eit oppdrag, prioriterer ho det og er målbevisst og rask i sitt arbeid. Ho er ei dame med «Hjartet på rette staden». Eit eksempel er den fine fylkesvotten som Åshild designa i samband med at landsmøtet vart arrangert i fylket vårt i 2012. Ho ga fylkeslaget rettane til sal og inntekt av mønsteret, og seinare laga ho fylkessokken og ga SFH også rettane til den.

Vel fortent mottok Åshild Norges Husflidslag si hedersnål i gull for sitt mangeårige arbeid som tillitsvald og husflidsfagleg formidlar i organisasjonen.

Sjølv om Åshild ikkje likar så mykje skryt, var ho både rørt, glad og takksam for å motta denne utmerkinga som heng høgt i NH.

Kalender

Nyhende

Åshild Dombestein fekk seg litt av ei overrasking då ho møtte som utsending frå laget vårt på årsmøtet til SFH i helga.

Å sy bunadcape er eit stort arbeid som krev at ein er flittig og nøyaktig, og ikkje minst må ein vere tolmodig. Det er lite maskinsaum og mykje handarbeid. Petra Marie har gått på kurs og sydd sin eigen cape. Vi tok ein prat med henne siste kurskvelden.

Det er september, haust- og tid for kurs. På Davik har vi starta opp med kurs i å sy cape til nordfjordbunad, og vi har deltakarar frå 14 år og oppover. Vi har til og med ein konfirmant som vil sy sin eigen cape! Ikkje rart, forresten, for ho har vore ein ivrig medlem av Ung Husflid i fleire år. Vi vil presentere henne betre seinare. 

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.