Konfirmanten som har sydd sin eigen bunadcape.

Å sy bunadcape er eit stort arbeid som krev at ein er flittig og nøyaktig, og ikkje minst må ein vere tolmodig. Det er lite maskinsaum og mykje handarbeid. Petra Marie har gått på kurs og sydd sin eigen cape. Vi tok ein prat med henne siste kurskvelden.

Petra Marie går i 9. klasse på Davik Oppvekst og til våren er ho konfirmant. Ho har vore medlem i Ung Husflid i Davik og Omegn Husflidslag i 5 år. Der har ho møtt flittig fram på samlingane. Ho har lært seg ulike handarbeidsteknikkar og viser stor interesse for og glede over å skape ting med hendene.

Petra Marie fortel at då ho såg at husflidslaget skulle ha kurs i saum av bunadcape, fekk ho veldig lyst å delta, og ho vart hoppande glad då ho fekk plass på kurset. På førehand hadde ho spurt besta Bjørg om å vere med som ekstrahjelpar, og det ville ho.

-Heime har eg vore med besta når vi jobba med capen. Ho har vist meg korleis eg skulle gjere det og så har eg sydd sjølv etterpå. Det eg ikkje har greidd sjølv, har besta gjort, fortel Petra Marie.

-Det har vore kjekt å vere med på kurset og sy. Ein del var vanskelegare enn eg hadde trudd, men no har eg lært det, legg ho til.

Ho har lært nye sting og at ein ofte må ta opp att ting så ein blir fornøgd.

Petra Marie har planane klare for vidare arbeid. I neste veke skal ho begynne på kurs i saum av pelsvottar og så kjem ho til å vere med på Ung Husflid framover.

-Eg hadde nok ikkje greidd å få til ein så fin cape viss ikkje besta Bjørg hadde vore med og hjelpt meg. Kurslærar Åshild har også lært oss mykje som vi kan ta med oss vidare i andre prosjekt  Eg anbefaler andre å vere med på kurs og gjere det same, avsluttar Petra Marie.

Kalender

Nyhende

Åshild Dombestein fekk seg litt av ei overrasking då ho møtte som utsending frå laget vårt på årsmøtet til SFH i helga.

Å sy bunadcape er eit stort arbeid som krev at ein er flittig og nøyaktig, og ikkje minst må ein vere tolmodig. Det er lite maskinsaum og mykje handarbeid. Petra Marie har gått på kurs og sydd sin eigen cape. Vi tok ein prat med henne siste kurskvelden.

Det er september, haust- og tid for kurs. På Davik har vi starta opp med kurs i å sy cape til nordfjordbunad, og vi har deltakarar frå 14 år og oppover. Vi har til og med ein konfirmant som vil sy sin eigen cape! Ikkje rart, forresten, for ho har vore ein ivrig medlem av Ung Husflid i fleire år. Vi vil presentere henne betre seinare. 

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.