Aktivitetsdag

Aktivitetsdag på Plassen

Søndag 17.juni rigga damene i Eid Husflidslag seg til med ulike aktivitetar på Plassen. Her var det fleire som hadde med rokk og spann den finaste ulltråd medan andre farga garn med løk og rusta kjetting. Damene som dreiv med farging av garn utviste stor kreativitet når det gjeld kva ein kan bruke å farge med. 

Spanande å sjå kva

farge det vart på garnet. Både det ein hadde i gryta for å få farge og kva type garn du nytta, spelte ei rolle her. Mange garnhesper i flotte fargar hang utstilte mellom bjørketrea. Elles så vart det knipla dei flottaste blonder og reperbanen vart nytta til å lage hoppetau av gamle sengkle. Grindveven vart bunden fast i ei bjørk og her var det høve til å prøve  å veve. Sprangramma var med og mellom bjørkene kunne ein sjå stykke med sprang i ulike garnkvalitetar. Den liflige lukta av nytrekt kaffi og nysteikte vaflar breidde seg over Plassen og mange nytta høvet til å få seg ein god prat med husflidarane over ein kopp kaffi. Ein retteleg triveleg ettermiddag!

Kalender

Nyhende

Læringsverkstad i Eid Husflidslag sin raudlistateknikk. 

Eid Husflidslag og Davik og omegn Husflidslag markerte Ullveka Sogn og Fjordane på Nordfjordeid. 

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.