Læringsverkstad i sprang

Læringsverkstad i Eid Husflidslag sin raudlistateknikk. 

Då Eid Husflidslag vart utfordra på å velje seg ein teknikk som står i fare for å verte utrydda, valde vi den eldgamle fletteteknikken sprang. Sprang har vorte kalla norske kniplingar og med å nytte tynn tråd får ein eit blondeaktig uttrykk på det ferdige arbeidet. Ein kan lage ulike ting av sprangarbeid t.d. gardiner.

Vi er så heldige å ha eit medlem som kan denne teknikken og som ville ta på seg å lære denne vidare og slik spreie kunnskapen. På etterjulsvinteren 2015 var fire damer samla til kurs. Det var eit veldig kjekt og lærerikt kurs og det vart snakka om at dette måtte ein gjere fleire gongar. Hausten 2018 var vi klar igjen. Denne gongen vart det læringsverkstad med deltakarar med ulik kunnskap innan sprang. Pågangsmotet var stort også denne gongen og vi gjekk laust med godt humør. Bodil Johnson var også denne gongen kyndig rettleiar. Tolmodet vart sett på prøve mang ein gong, men det var god stemning og fin framgang for alle deltakarane.

Kalender

Nyhende

Læringsverkstad i Eid Husflidslag sin raudlistateknikk. 

Eid Husflidslag og Davik og omegn Husflidslag markerte Ullveka Sogn og Fjordane på Nordfjordeid. 

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.