Fixe-kafe.

Velkommen til FIXEKAFÉ torsdag 9. mai kl. 19.00 - 21.00, i Halbrendshuset i Movika.

Ta med noko du treng å reparere / fixe på ein enkel måte! Vi har med symaskiner, garn og utstyr som du kan bruke. Innimellom arbeidet har vi kaffi med noko attåt.

Husflidskonsulenten har ei kort innleiing og presentasjon kl. 19.00

Kunnskap om materiale og teknikkar er føresetnad for å gjere ansvarlege val som forbrukar. Det å lage, reparere og utnytte ressursane som ligg i det vi omgir oss med, var tidlegare ein sjølvsagd del av kvardagen. Det er ein del av vår immaterielle kulturarv. Med dagens situasjon er denne kunnskapen igjen høgaktuell. Velstanden vår, kjøpekrafta og overforbruket har skapt enormt store utfordringar for kloden vår og livet på den.

Midtre Sunnfjord Husflidslag vil vere med på å bevisstgjere alle til mindre forbruk og større fokus på å ta vare på det vi har!

Pris kr. 50,- for mat og utstyr

Kalender

Nyhende

Velkommen til FIXEKAFÉ torsdag 9. mai kl. 19.00 - 21.00, i Halbrendshuset i Movika.

Ta med noko du treng å reparere / fixe på ein enkel måte! Vi har med symaskiner, garn og utstyr som du kan bruke. Innimellom arbeidet har vi kaffi med noko attåt.

Informasjon og påmelding til Husflidsmessa 2019.
 
Har du lyst å melde deg på, eller kjenner du nokon dette kan vere aktuelt for?
Ta kontakt med oss!

Plan for Ung husflid i 2019.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.