HUSFLIDSMESSA 2019

Informasjon og påmelding til Husflidsmessa 2019.
 
Har du lyst å melde deg på, eller kjenner du nokon dette kan vere aktuelt for?
Ta kontakt med oss!

 

Invitasjon til husflids og handverksmessa 2019

 

I samarbeid med Sunnfjord museum

ynskjer vi deg velkomen som utstillar på husflids- og handverksmessa i Movika

7.og 8.september 2019

Standleige er kr.500,- . Prisen gjeld for to dagar, inkludert  kaffi og litt mat.

Medlemmer av Norges Husflidslag  får kr 100,-i avslag på standleia.

Vi nyttar alle husa på museet. Storleiken på borda varierar noko. Vi har gått ut frå ein storleik på ca. 2 m.

Treng  du ekstra bordplass, eller plass til stativ eller anna utstyr som krev  golvplass må du bestille det i tillegg og betale kr 200,- for ekstra bord og kr. 100,- for stativ.

Vi prøver å etterkomme ynskjer om plassering så langt råd er, men det er messenemnda som avgjer dette utifrå heilskapen.

Vi ynskjer oss ei messe med mangfald, med  kvalitetsprodukt – både i gamle tradisjonar og nye design/ teknikkar, men også innanfor mat/ næringsmiddel/ urteprodukt og liknande.

Messenemnda har høve til å vurdere samansettinga slik at vi får eit mest mogleg variert utval av produkt og teknikkar.

Vi håper du vil vere med oss disse haustdagane i Movika.

 

Spørsmål på tlf:

 481 21 282 (Bodil Myklebust, Korsavegen 1a, 6809 Førde  eller e-post: b-mykle@online.no),

476 25 036 (Maren Erland) (enklast å nå via sms)

 

Påmelding innan 1.juni ved å fylle ut vedlagt skjema.

Kjenner du nokon eller veit om nye utstillare vi kan invitere  vil vi gjerne vite om det.

 

Velkomen til trivelege dagar på Sunnfjord museum. 

Mvh

Midtre Sunnfjord Husflidslag

Kalender

Nyhende

Velkommen til FIXEKAFÉ torsdag 9. mai kl. 19.00 - 21.00, i Halbrendshuset i Movika.

Ta med noko du treng å reparere / fixe på ein enkel måte! Vi har med symaskiner, garn og utstyr som du kan bruke. Innimellom arbeidet har vi kaffi med noko attåt.

Informasjon og påmelding til Husflidsmessa 2019.
 
Har du lyst å melde deg på, eller kjenner du nokon dette kan vere aktuelt for?
Ta kontakt med oss!

Plan for Ung husflid i 2019.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.