Ung Husflid.

Sogndal Husflidslag har kome i gong med Ung Husflid. Born er ivrige. Dette er kjekt å vere med på.

I vår starta Sogndal Husflidslag opp med Ung Husflid. Ivrige born frå 5. til 7. klasse deltok på  eit 10 timers symaskinkurs over 2 dagar, der dei fekk sy vekse og puter av restestoff. Dette ga meirsmak. 

Ein annan kveld i vår lagde vi hoppetau ved å bruke reperbane. Dette var noko som ungane ikkje har sett før og tykte var veldig moro. Ungane fekk vere med på heile prosessen frå vi reiv opp stoffremser av gamle sengekle, festing og oppmontering av reperbana til å tvinne stoffremsane til eit rep. Resultatet vart fargerike hoppetau/ slengtau som er solide og veldig gode å hoppe med. På museumsdagen 13.september vil ungar  i alle aldrar på nytt få sjansen til å lage hoppetau.

I haust har vi satt opp 3 aktivitetar for born og unge som vi håpar fell i smak.

Sidan symaskinkurset vart so populært er vi blitt oppmoa til å fortsetje med fleire slike kurs. Ein fredagskveld vil vi ha eit kurs der vi syr skjørt.

Vidare vil vi ha eit kurs med fargetrykk på skinnfell 16. oktober. Her vil Synnøve Vadøy, Husflidskonsulenten i Sogn og Fjordane, ta turen og holde eit kurs der planen er å lage blant anna sitjeunderlag.

Den siste aktiviteten i år blir å sy julesokk og lage eit juletreoppheng 13. november.

Kalender

Nyhende

Vi har det gøy på stikkekafe. Her får ein lære mange ulike teknikkar innanfor håndarbeid.

Sogndal Husflidslag har kome i gong med Ung Husflid. Born er ivrige. Dette er kjekt å vere med på.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.