ULL i fokus

Vik Husflidslag var stifta 10.12.1983 av flinke damer i Vik . Medlemstalet har variert i desse åra. Vi ynskjer oss fleire vaksne medlemar som har interesse for husflid. Dagens styre har satsa på kurs for vaksne for å få fleire interessert. Elles har vi aktivitetskveldar  for Ung Husflid.  

Vi Husflidslag sitt bidrag til hefte om raudlista handverksteknikkar var info om  kipe og arbeidet med å lage ei. Vi arrangerte ope kurs der alle fekk lage kvar si kipe.  Mykje arbeid, men kjekt.

KURS

For vaksne og ungdom har vi  siste åra hatt kurs i  redesign, lappeteknikk, pjoning, hakking , pilefletting,  sveiping, tråsløyd og kipe. Økonomien i laget har gitt høve til at medlemane får gratis kurs. Vi håper at det kan verve fleire medlemar.

UNG HUSFLID

I barnegruppa har vi hatt jule- og påskeaktivitet, korssting , pilefletting, hoppetau av tøyfiller , stofftrykk, teikne med tråd, sy med filt, spikking ute, lyslykt av blikkboks, toving og broderi, makrame og fuglekasser. Det er kjekt å sjå kor flinke og kreative  ungane er når dei får ei oppgåve. Ofte har dei ikkje tid til pause.  Skulen stiller gratis lokale både til Ung Husflid og kursverksemd for vaksne.

SAMARBEIDSGRUPPE

Då laga vart oppmoda om å lage arrangement  i høve stemmerettsjubileet, tok  styret i Vik Husflidslag kontakt med  Helselaget, Kvinne- og familielaget og Bygdekvinnelaget om eit  samarbeid. Det har resultert i fleire felles arrangement  i tillegg til jubileet som vart ein knallsuksess. Vi har hatt teaterframsyning og gamalostseminar som alle har gitt bra overskot i kassa.  Vi har og sendt ein felles høyringsuttale om søndagsopne butikkar.  No planlegg vi ei felles utstilling av strikka kofter  i november med kafe og evt syne karding og spinning der barn og unge får prøve teknikkane.

På stemmerettsjubileet hadde vi ei stor husflidsutstilling. Bilde frå utstillinga ligg på helgevikisogn.no  under husflid.

Kalender

Nyhende

Glade barn og vaksene  over sjølvproduserte produkt. 

Vik Husflidslag var stifta 10.12.1983 av flinke damer i Vik . Medlemstalet har variert i desse åra. Vi ynskjer oss fleire vaksne medlemar som har interesse for husflid. Dagens styre har satsa på kurs for vaksne for å få fleire interessert. Elles har vi aktivitetskveldar  for Ung Husflid.  

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.