Rauland Husflidslag starta opp august 2009. Vi har samarbeid med Raulandsakademiet og arrangerar kvart år omlag 60 kurs innan husflid og handverk.

Nytt I 2019! Medlemmer I Norges Husflidslag får 10% rabatt på kursavgifta på alle kurs på Raulandsakademiet.

Målet er å organisere aktiviteter og tiltak som genererer husflidsfaglig interesse og kunnskap, produksjon og omsetning.

UNG HUSFLID:  torsdagar kl. 18:00 - 20:00 på vevsalen Dyre Vaa - bygget. Kontaktperson Eli Wendelbo. Påmelding. Ung Husflid kurset er avslutta nå I februar 2019. Vi set I gang att I November 2019.

Veving: Vevsalen på Dyre-Vaa-bygget tysdagar 10:00- 14:00 og torsdagar kl. 19 -21. Om du har lyst til å veve med oss, kontakt Eli Wendelbo .

Veving på hemsen på Dyre Vaa (vevkjerringane). Dei møtast kvar tysdag 10 - 14. Kontaktperson Nelly Loftsgarden

Veving på Vesaas:  Måndagar frå kl. 12 .  Kontaktperson Eli Vesaas.

Tregruppa på Dyre Vaa har samling på Treverkstaden på Dyre-Vaa-bygget kvar tysdag frå kl 10:00 - 14:00. Kontaktperson Svein Vinjerui.

Quiltegruppa:  Samlast annan kvar onsdag På Rauland skule. Kontaktperson Aslaug Jore. Sjekk opp Facebookgruppa til rauland og vinje quiltelag.

Har du forslag til aktivitetar eller vil vere med på ein av aktivitetane i Rauland Husflidslag, ta gjerne kontakt med oss styret for Rauland husflidslag. 

Broderikveldar: Siste tysdag I månaden vår 2020. Fyrste gong 28. januar kl 18 på vevsalen Dyre Vaa.

Kalender

Nyheter

Velkommen til årsmøte I Raulands Husflidslag sundag 2. februar kl 1800 på Vevsalen Dyre Vaa.

Dersom du har saker til årsmøtet må du sende det til styret I Rauland husflidslag innan 15. februar.

Vanlege årsmøtesaker: Årsmelding, rekneskap, budsjett, val, kva skjer, framtidsplanar, servering og gode røur.

Møt Annemor Sundbø og koftearven, strikkekafe tysdag 14. jan kl 1800 på Raulandsakademiet. Er dei flotte koftemønstra så heilnorske som vi trur?   Rauland Husflidslag og Rauland Bygdelag ynskjer velkommen til ei spanande reise gjennom fillehaug og kulturhistorie.  Foredrag, utlodding, servering.

God jol og godt nytt år. 

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.