Årsmelding for 2018

samandrag av årsmelding 2018

                      Samandrag av årsmelding for 2018, Rauland Husflidslag.

Stiftingsår 2009   Organisasjonsnummer: 994 743 546

Gjeld både Rauland Husflidslag og kursverksemda på Raulandsakademiet.

 

Styret:

Eli Wendelbo                   Leiar

Anne   Margit Barstad      nestleiar

Ann   Mari Jore                   Skrivar                                                

Tone   Liv Kjelingtveit       kasserar

Eli   Vesaas                           Styremedlem

Mari   Rorgemoen             Styremedlem

Ingrid   Britt Hestdalen    Styremedlem

 

Eli   Wendelbo                  UNG   HUSFLID-kontakt

Svein   Vinjerui                    Representant   for tregruppa

Aslaug   Jore                        Representant   for quiltegruppa

Sigrun   Tveiti                    Representant   for vevkjerringane

Halvor   Kostveit                 Rekneskapskontrollør

 

Valnemd:   Anne Marie Vasshus, Sigrun Tveiti, Torbjørg Enerstad

Medlemmer per 31. desember 2018: 82 derav 55 kvinner, 6 menn, 13 ungdom (frå 14 – 26 år) 8 barn

Rauland Husflidslag har hatt 4 styremøte og handsama 44 saker. 

Aktivitetar i 2018

  • Torgdag på Telemarkstunet 22. september. Hoppetaug og brikkevev
  • Strikkekafear haust 2018: 2 stk. i samarbeid med bygdekvinnelaget – totalt 60 frammøtte. Det siste var med Helle Siggerud, om Stikking og strikkedesign.
  • Museumsdagar på Vest-Telemark museum:  handverksteknikkar -6 dagar og representert med 10 frå Rauland Husflidslag. Nupereller, bandveving, knivlaging, treskjering, skomaker,
  • Kurs i Rauland Husflidslag: 7 kurs, 303 timar, 35 deltakarar. (Veving, quilting, trearbeid)
  • Kurs på Raulandsakademiet: 49 kurs, 2216 timar, 340 deltakarar (RHL er samarbeidspartner) 2 kurs på Nutheim, 12 deltakarar og 120 timar.
  • Haust 2018 Spikkekurs for ungar, Samarbeid med 4H
  • Ung Husflid: Veving med barn: Kurs januar – februar og oktober – desember, totalt 15 veker og 16 barn.
  • Foredrag; 28. sept. Anne Grete Krogstad, Aktivitetsveke Trøgstad Museum.
    • 2. oktober. Torild Fossnes Gull i veggane
  • Utbygging av Teorirom på Dyre Vaa. Tore Tjønn og Birger Kjelingtveit gjorde jobben som blei starta på før jul 2017 og ferdigstilt med i måling og innreiing jan 2018. Vi fekk stønad frå Vinje Kommune til materialer. I tillegg installert internett. Alle utlegg kom på 2018 rekneskapet.
  • Studieforbundet har hatt 5 kurs på vevsalen i 2018
  • 20. – 21. okt. Medarbeidersamling i Bø, Natalia Katkarskaia og Ingrid Hamberg som var lærar på brikkevev. Mari Rogemoen og Tone Liv Kjelingtveit var der på vegne av THL.
  • 3 nov. Inspirasjonskurs Ung Husflid, Larvik, Ingrid Hamberg, David Rønnlund, Natalia Katkarskaia

Representasjon:

Årsmøte i Telemark husflidslag på Straand Hotel, Vrådal. Mari Rorgemoen, Anne Margit Barstad og Ann Mari Jore

Informasjon:

  • 15 infobrev sendt til medlemmer og andre på E-post, Både Ra og Rauland Husflidslag. .
  • 10 annonser i VTB, både RA og Rauland Husflidslag
  • Facebook:  Rauland Husflidslag og Rauland Vinje Quiltelag og RA
  • Medlemsinformasjon ligg og på heimesida til Rauland Husflidslag under Norges Husflidslag.
  • Kursinformasjon om kursa på Ra på Raulandsakademiet si heimeside.

Samarbeidspartnarar: Studieforbundet kultur og tradisjon, Universitetet i Sørøst-Norge, avd Rauland, Rauland skule, Raulandsakademiet, Nutheim Gjestgiveri, Rauland Bygdekvinnelag, Vesaas - vev,  Raulandstoga, Vest-Telemark Museum,   Vinje kommune, Kulturårshjulet,  Rauland 4 H. Nærstyret på Dyre Vaa museet. Klanderrud gard.

Økonomi: Sjå eige rekneskapsark. Rekneskapet er for Rauland Husflidslag, ikkje kursverksemda på Raulandsakademiet. Driftsutgifter I 2018 var kr. 196365.-

Rauland 4. februar 2019   Eli Wendelbo og Ann Mari Jore         

Kalender

Nyheter

Dette utstyret treng du

til å lage plukkeband. Handvevd belte til bandveving kr 250,-, bandvevfeste kr 150,- og Vesaas-grindi kr 500,-  Belta leverast i tre størrelsar. "Small", "Medium", "Large" og "One size" (som har lange hemper som kan regulerast). Ynskjer du å bestille frå Rauland husflidslag? Send E-post til eli.wendelbo@gmail.com 

Plukkeband representerar eit handverk som kjem inn under Norges Husflidslags raudliste, ei liste over handverk som er lite bruka og som få kan og som kan bli gløymt om vi ikkje tek teknikken i bruk. Vesaas-grindi blir laga med 9, 11 eller 13 mønsterspalter og plass til utbrogd. Pris kr 500,-. Interessert? Vi kan sende i posten. Send E-post til eli.wendelbo@gmail.com 

Inger Helene Olsnes kjem og skal få oss i gang med brodering…..

rosesaum, korssting, musetaggar……………

Ho tek med prøvelappar, nåler og garn.

Velkommen torsdag 28. mars kl 18.00. Det neste møtet er sett til torsdag 11. april kl 18.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.