Kva skjer framover?

Informasjonsbrev 19. feb. 2020 

Broderi på vanter og vottar 25. feb kl 18 på Dyre Vaa huset.

Vi held fram med broderikveldane. Denne kvelden har vi tema om broderi på vottar og vanter. Har du eksempel liggande, gamle eller nye?  Ta dei med! Elles er broderikveldane opne for alle som driv med handarbeid. Det blir servering og utlodding. Velkommen!

Bandvevkurs på Vinjebue!

Rauland husflidslag har fått støtte av Sparebankstiftelsen DNB til å lære barn og ungdom om plukkeband, korleis dei kan veva det og korleis band blir bruka til f.eks. Vest-Telemarkbunad. Eli Vesaas og Sigrun Lie Brattekås er instruktørar og Berit Tjønn stiller med lokaler på Vinjebue i Åmot. Vi startar opp laurdag 29. Februar, kl 12:00 - 17:30, og 2 laurdagar til - avhengig av kor mange som melder seg. Kjenner de barn/ungdom som vil vere med på dette, send SMS til Eli Wendelbo på 99020073.

Broderikafe med Barbro Storlien tysdag 17. mars kl 18 på Raulandsakademiet

Barbro Storlien vil snakke om den nye boka si, «Barbro broderer». Samarbeid med Bygdekvinnelaget.

Strikkekafe 6. mai kl 1800 på Raulandsakademiet.

Mari Søgård skal lære oss om dobbeltstrikking. Samarbeid med bygdekvinnelaget.

Kalender

Nyheter

Rauland Husflidslag og Rauland folkekakademi saman med Raulandsakademiet har søkt stønad til 2 nye klatrestativ, bordtennisbord og gapahuk til Telemarkstunet. 

Driv du med eit handverk, har du tid i sommar, ynskjer du å vise deg fram, selje produkta dine? 

https://visitrauland.com/raulandsakademiet/invitasjon-til-handverkarar-og-musikkarar/

Mange kurs er fullteikna, men ring Raulandsakadmiet tlf 35073292 og høyr om det er plass til deg. 

https://visitrauland.com/raulandsakademiet/kalender-liste/

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.