infobrev 19. desember 2019

God jol og godt nytt år. 

Infobrev til medlemmer i Rauland Husflidslag 19. desember 2019

1                    Vi har fått stønad frå Sparebankstiftelsen  DNB for å arrangere kurs i bandveving og lage hårvippe for ungdom. På kurs vil ein lære unge å veve sitt eige band til forkle (Vest-Telemark bunad) og band til hårvippe.  Eli Vesaas og Sigrun Li Brattekås vil bistå. Meir informasjon over nyttår. Fylg med!

2                    Bladet Husflid kjem til Rauland  i januar for å lage reportasje om barn og veving på Rauland. Det kjem meir informasjon over nyttår. Fylg med!

3                    Vevkurs for barn (og kanskje nokre vaksne) statar torsdag 9. januar kl 1800 på Vevsalen på Dyre Vaa. Kurset er støtta av kulturårshjulet, Vinje Kommune.

4                    Skrikkekafe 14. janauar kl 18 på Raulandsakademiet. Annemor Sundbø kjem og skal presentere den nye boka si «Kofteboka». Arr: Rauland bygdekvinnelag og Rauland Husflidslag

5                    Dersom du er interessert i å vera med på trearbeid, veving eller qvilting neste år. Fylg med på facebook eller heimeside Rauland Husflidslag http://www.husflid.no/

6                    Årsmøte for Rauland Husflidslag blir truleg 2. februar om kvelden.

7                    Kurskalender 2020 frå Raulandsakademiet er klar og du kan sjå han her https://visitrauland.com/raulandsakademiet/kalender-liste/

8                    Så er det berre for styret i Rauland Husflidslag å takke for godt samarbeid i året som gjekk og å ynskje alle ei god jol og eit godt nytt handarbeidsår!

 

Beste helsing Eli Wendelbo, leiar og Ann Mari Jore, skrivar

Kalender

Nyheter

Les kva Rauland husflidslag gjorde i 2019 

Informasjonsbrev 19. feb. 2020 

Velkommen til årsmøte I Raulands Husflidslag sundag 2. februar kl 1800 på Vevsalen Dyre Vaa.

Dersom du har saker til årsmøtet må du sende det til styret I Rauland husflidslag innan 15. februar.

Vanlege årsmøtesaker: Årsmelding, rekneskap, budsjett, val, kva skjer, framtidsplanar, servering og gode røur.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.