infobrev 27. november 2016

Strikkekafe og ny vevbok

Infobrev til medlemmer i Rauland Husflidslag 27. november 2016                   

Strikkekafe på Kafe Matglede

Torsdag 1. desember, kl. 19.00, står "koftejeger" Liv Sandvik Jakobsen klar med sitt foredrag om Den store koftejakten på Kafé Matglede As. Arrangementet er eit samarbeid mellom Bygdekvinnelaget, Rauland Husflidslag, Straumebui og Kafe Matglede.

Liv fortel korleis ho starta i det små og arbeidde seg framover til 2 flotte bøkar med oppskrifter på nydelege gamle kufter. Ho har med seg ein del av desse kuftene til Øyfjell slik at ein har høve til å sjå på fargar og garnkvalitetar og prøve storleikar. Inngang kr 100,. Straumebui har ope frå kl 1800.  samarbeid mellom Bygdekvinnelaget, Husflidslaget, Kafè Matglede og Straumebui, som alle ynskjer velkomen til ein inspirerande kveld!

Inngang kr. 100,-

Straumebui har ope frå kl. 18.00 denne kvelden.

 

Veving:

Veving med ungar er i full gang på vevsalen på Dyre Vaa. Det er 10 ungar med og ei på venteliste. Vi møtast kvar torsdag kveld 18-20. Siste møte før jul er 2. desember.

Etter jul startar vi oppatt  5. januar og held på til  torsdag 9. februar.

Etter det er vevsalen opptatt med Studieforbundet sine kurs. Det blir veving for vaksne frå torsdag 23. mars.

 

Vev er populært som aldri før, og Norges Husflidslag er veldig stolte av å kunne lansere den perfekte boka for alle som vil lære barn kunsten og gleden ved å veve! 

 

Vevboka Vev vel er ferdig. Her har Eli Wendelbo og ungane på veven på Dyre Vaa vore viktige bidragsyterar.

Dette må vera årets jolegåve!.

Du får kjøpt boka på Låven på Telemarkstunet.

Jolemarknaden på Telemarktunet er ope

laurdag og sundag 3. 12 - 18. 12, 11 - 16

 

Årsmøte i Rauland Husflidslag blir 29. januar kl 18.

Har du forslag til saker som skal takast opp på årsmøtet må dei meldast inn til styret 6 veker før.

 

Styret i Rauland Husflidslag ynskjer alle medlemmer ei hyggeleg førjolstid.

 

Kalender

Nyheter

Dette utstyret treng du

til å lage plukkeband. Handvevd belte til bandveving kr 250,-, bandvevfeste kr 150,- og Vesaas-grindi kr 500,-  Belta leverast i tre størrelsar. "Small", "Medium", "Large" og "One size" (som har lange hemper som kan regulerast). Ynskjer du å bestille frå Rauland husflidslag? Send E-post til eli.wendelbo@gmail.com 

Plukkeband representerar eit handverk som kjem inn under Norges Husflidslags raudliste, ei liste over handverk som er lite bruka og som få kan og som kan bli gløymt om vi ikkje tek teknikken i bruk. Vesaas-grindi blir laga med 9, 11 eller 13 mønsterspalter og plass til utbrogd. Pris kr 500,-. Interessert? Vi kan sende i posten. Send E-post til eli.wendelbo@gmail.com 

Inger Helene Olsnes kjem og skal få oss i gang med brodering…..

rosesaum, korssting, musetaggar……………

Ho tek med prøvelappar, nåler og garn.

Velkommen torsdag 28. mars kl 18.00. Det neste møtet er sett til torsdag 11. april kl 18.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.