Tuddal husflidslag melde seg inn i Norges husflidslag i 2013 og er det minste laget i Telemark. Vi har nær 20 medlemmar.

Laget leiger lokale i 2.etasje på Menighetshuset og har faste møte kvar fyrste og tredje torsdag i månaden, kl 18-21 kvar gong.

Vi har fleire vevar, held på med ulike aktivitetar, har temamøte, kurs eller kveldar der kvar og ein held på med sitt handarbeid.

Om sommaren deltek vi med eigen stand på Bygdedagen i Tuddal, sel kaffi, lappar og lynlodd.

Ein eller to onsdagar i juli har vi innføringskurs i ein eller annan teknikk ute på Bygdetunet.

Vi har eiga Facebookside der vi informerer om aktiviteten i laget.

Facebook feed

Kalender

Nyheter

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.