Fullt hus på Inspirasjonssamling

I helga var det instruktørane sin tur til å kome til duk og dekka bord. Temaet var vev og her vart det vevd både på sugerør, kabylsk vev og verdas minste vev. Alle fekk laga modellar i alle teknikkane og kvart lag fekk med seg ein "goodiebag" med utstyr og materialar heim.

Alle deltakarane på kurset er veiledarar for Ung Husflid i sine lokallag og denne dagen skulle dei få fagleg påfyll og inspirasjon til halde fram det viktige arbeidet. Kurlærarar var Elin Gilde Garvin (Ung Husflid koordinator Norges Husflidslag) og Kathrine Gregersen (Husflidskonsulent Vest-Agder). Utgangspunktet for alle teknikkane som stod på programmet står i boka Vev Vel.

Vev vel er den nyaste boka til Norges Husflidslag og er ei bok for alle barn, unge og vaksne som vil veve saman med barn. Teknikkane spenner frå det enklaste enkle til det meir avanserte. I løpet av dagen fekk deltakarane laga modellar av både armband og figurar som dei kunne ta med heim som inspirasjon for ungane.

Kari Bulien haldt eit foredrag der ho fortalde om sin vei til svennebrevet i vev. Ho viste eit vell av ulike venadar i mange teknikkar.Kurset var på 8 timar og Mandal Husflidlag stilte sine lokalar på Malmø til disposisjon. Arrangør av kurset var Vest-Agder Husflidslag og Aust-Agder Husflidslag i samarbeid med Husflidskonsulenten. Fylkeslaga sponsa samlinga så ho var gratis for deltakarane.

-Dette har vore ein utruleg inspirerande dag. Ein luksus for oss å kome her å få lære mykje nytt og få med modellar og utstyr heim. No er det berre å gå i gong med ungane, fortel ei entusiastisk Lill-Haldis Tveiten som har ansvaret for Ung Husflid i Hægebostad Husflidslag.

Les meir om Ung Husflid her: www.unghusflid.no

I juni 2020 kommer husflidere fra hele landet til Mandal. Da skal de samles til for å diskutere landsmøtesaker og få oppleve mye av det Vest-Agder har å by på innen husflid. Allerede i januar inviterte fylkeslaget til idedugnad, der alle lag i Vest-Agder var representert.

På årsmøtet i Vest Agder husflidlag ble det utedelt HEDERSNÅL til Reidun Knutsen.

Styremøte 26.februar 2019

Kalender

Nyheter fra lokallagene

introduksjon om bakinng og steking av settekaker. 

Husflildkveldene er startet opp igjen på Minne torsdager fra klokken 17.00-21.00

Tilstede: Christin Eikjeland, Kari Anne Thorsland, Cathrine Thorsland, Nina Tollefsen og Heidi Tveit Auestad

Hva skjer i lokallagene

7 okt 2019 17:00, Langgata 10

30 okt 2019 19:00, Langgata 10

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.