Styremøte 20 Aug 2018

Referat frå styremøte 20.august kl 18.30 hjå Reidun Knutsen.

 

Frammøtte: Reidun Knutsen, Annie Tollefsen, Laila W Madsen, Ann-Olaug Håland, Kathrine Gregersen, Nanne Støhlmacher og Mette Skofteby.

Forfall: Ragnhild Smesland og Else Marie Malde.

 

Sak 20/18  Referat frå styremøte 14. mai godkjent.

 

Sak 21/18  Post.

-          Synne Elisabeth Stray frå Kristiansand Husflidslag har søkt om støtta til Nordisk Husflidsleir. VAH dekkar utgiftene til leiren, kr.1500

-          Brev frå NH ang. nye personvernreglar frå 1.juli 2018. Dette er sendt til alle lokallag og fylkeslag.

-          Studieforbundet kultur og tradisjon Vest-Agder hadde årsmøte og styremøte 15.mai. Reidun Knutsen og Kathrine H Bringsdal møtte.

-          Brev frå VOFO sentralt.

-          Invitasjon frå Bygland Husflidslag til «Lislefarmen» 1.september.

 

Sak 22/18  Kurs og samlingar til hausten.

-          Ung Husflidsamling 22.september i Grimstad. Annie Eikenes blir med. Aust-Agder arrangerer.

-          Medarbeidarsamling i Lyngdal 9.oktober kl 17.30-21.30. Jobba med husflid for sal. Dette er aktuelt tema for alle lag.

-          Kurslaurdag i Lillesand 13.oktober. Tauverk og treskjering er tema. Foredrag om smiing.

-          Kurslærarkurs i bunad. Jobba vidare med det.

 

Sak 23/18  Landsmøtet 2018. Oppsummering og erfaring.

                 Mette, Reidun, Nanne og Kathrine orienterte om Landsmøtet i Molde. Gjekk

                 gjennom tilbakemeldinga frå Møre og Romsdal.

 

Sak 24/18  Landsmøtet 2020. Oppstart og førebuingar.

                  Idedugnad 16. januar i Mandal.

 

Sak 25/18  Eventuelt.

                  Else Marie Malde ynskjer å trekkja seg frå styret i VAH pga sjukdom i familien.

                  Styret tek det til etterretning og Nanne Støhlmacher går inn som fast medlem.

                  Mette Skofteby blir då 1.vara.

                  Valnemnd 2019 er Anne Berit Førland og Sonja Egenes frå Kvinesdal, og

                  Turid Eik og Ingeborg Andrea Dahle frå Kristiansand.

 

 

Neste styremøte i Lyngdal 29.oktober.

 

Ann-Olaug Håland

Sekretær

I juni 2020 kommer husflidere fra hele landet til Mandal. Da skal de samles til for å diskutere landsmøtesaker og få oppleve mye av det Vest-Agder har å by på innen husflid. Allerede i januar inviterte fylkeslaget til idedugnad, der alle lag i Vest-Agder var representert.

På årsmøtet i Vest Agder husflidlag ble det utedelt HEDERSNÅL til Reidun Knutsen.

Styremøte 26.februar 2019

Kalender

Nyheter fra lokallagene

introduksjon om bakinng og steking av settekaker. 

Husflildkveldene er startet opp igjen på Minne torsdager fra klokken 17.00-21.00

Tilstede: Christin Eikjeland, Kari Anne Thorsland, Cathrine Thorsland, Nina Tollefsen og Heidi Tveit Auestad

Hva skjer i lokallagene

7 okt 2019 17:00, Langgata 10

30 okt 2019 19:00, Langgata 10

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.