Fusa Husflidslag vart stifta 17. februar i 1981. I ein kommune med så lange og mange husflidstradisjonar som Fusa, har Husflidslaget ein naturleg plass. Laget ynskjer å halda gamle husflidsteknikkar i hevd gjennom kurs og temakveldar.

Frå 2017 har Fusa husflidslag hatt Ung husflid, aktivitetar for born mellom 9-13 år.  Akivitetane vert utlyst i januar/ februar med påmeldingsfrist. Det krevst at borna melder seg inn i Norges husflidslag som ung husflidsmedlem.

Husflidslaget har for tida ikkje fast tilhaldsstad. Ung husflidsaktivitetar er for det meste i handarbeidssal og sløydsal på ungdomsskulen i Eikelandsosen. Elles held vi temamøte litt rundtomkring i kommunen. Kurs og temamøte vert annonsert på Facebook og i e-post til medlemmane. Elles heng vi opp plakatar.

  • Har du lyst til å læra noko nytt?
  • Har du kunnskap du ynskjer å friska opp?
  • Har du kunnskap du ynskjer å dela?

Ta kontakt med oss!

Kalender

Nyheter

Tema denne kvelden er difor strikking av oransjeskjerf.

Du kan få kjøpa garnpakkar til skjerfet på staden, og  husflidslaget sponsar då kvar pakke med kr. 100,-.

Ta med strikkepinnar str. 5 eller 6!

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPrivacy

This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.