Nordhordland Husflidslag organiserer husflidsinteresserte i kommunane Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland og Radøy og ellers alle andre som ynskjer å vere med i lokallaget vårt.

Kurs

Laget driv utbreidd kursverksemd i tradisjonelle handverk. Kursa har ulik lengde, frå 12 til 60 timar og vert halde rundt om i laget sitt distrikt. Kurs me har hatt siste åra: Veving, bunadssying, brodering, toving, tauknyting, plantefarging, grindbygging, steinmuring, sying av og trykking på skinnfell, pilfletting, rosemåling, lefse- og flatbrødbaking, salting og krydring av sild og pølselaging. Medlemmer får 10% avslag på kursavgifta. Kursa vert annonserte i medlemsbladet Primstaven,på plakatar i distriktet, i lokalpressa og på www.husflid.no

Laget skipar også til Torgdag saman med Hillesvåg Ullvarefabrikk fyrste laurdagen i juni.

Medlemsblad
Laget har eit eige medlemsblad, Primstaven, som kjem ut 3-5 gongar om året. Her vert aktivitetar og nyhende publisert og møter og kurs annonserte.

Bunadsnemnda

Laget har ei eiga nemnd som arbeider med å samle, registrere og dokumentere materiale om bunader og bunadsbruk i området vårt. Bunadsnemnda har og arbeidd med å skaffe ei komplett brudedrakt og krune til laget. me er glade for å kunne tilby denne flotte drakta til leige. Kontakt Husflidstova for nærmare informasjon og avtale.

Broderinemnda

arbeider med å samle inn, registrere og arkivere gamle broderimønster og å gjere dei tilgjengelege for alle.E-post: broderinemnda@gmail.com

 Husflidstova SA   

Husflidstova på Ikenberget i Alversund er butikken til Nordhordland Husflidslag. Her syr me bunader frå Nordhordland, Masfjorden, Indre Nordhordland og Sogn. Me tek og reparasjonar på bunader. Me har stort utval i mønster til bringedukar, belte, selar og skjortekantar. Me fører og anna utstyr til bunaden, som tova hatt, linhue, sokkeband, paraply, bunadsskrin, vevde band og silkesjal. Tradisjon og kvalitet vert vektlagt. Husflidstova har for tida ingen nettside som verkar. Opningstidene er: mandag-onsdag:0900-1600, torsdag 10-18, fredag 0900-1600. Laurdag stengt. ( Prøving av bunad kan avtalast på laurdagar. Ring butikken for meir informasjon)
E-postadr: post@husflidstova.no
Telefon: 56360744
Besøksadresse: Blombakken 1, Ikenberget, Alversund

Les medlemsbladet vårt her.

Kalender

Nyheter

Handarbeidstreff i Husflidens Hus, Hillesvåg.

Nordhordland Husflidslag har Grønlandsperlekveldar og Broderikveldar i Gamle prestegarden på Manger. Me startar kl 18.00 og held på til kl 21.00. Det vert pause med kaffi og te. Velkomen.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.