Volda Husflidslag er ein frivillig organisasjon som held til i Smithsgate 1 i Volda sentrum. Lokalet ligg like ved fergekai og busstopp og er lett tilgjengeleg, også for rullestolbrukakar. I tillegg nyttar sløydgruppa Øyra skule til sine aktivtetar. Laget vart skipa 19. januar 1906, og er demed eit gammalt lag. Faktisk eldre enn Noregs Husflidslag. Husflidslaget i Volda har omlag 100 medlemmar pr. idag.  

Aktiviteter

Vi har stor aktivitet i laget, både med studieringar og kursverksemd. I tillegg har vi husflidsmøte nokre gongar i året: Då tek vi opp tema som kan fengje fleire, utan at ein nødvendigvis er aktiv i laget. Vi har også fleire medlemskveldar saman med Ørsta husflidslag i løpet av året. Lokallaget er knytt til både fylkeslag og Noregs husflidslag. På facebooksida vår er der stadige oppdateringar over aktivitetane våre.

Vev og onsdagsmøte

Elles møtes vi kvar onsdag frå kl.18 i lokalet vårt i Smithsgt.1. Vi har gjerne studieringar med tema desse kveldane, men alle står sjølvsagt fritt til å ta med det arbeid dei vil halde på med. Vi deler på ansvaret med kaffi/tekoking. Vi betalar medlemar 20kr/ ikkje medlemar 30kr pr kveld.

Vi har tre vevar som kan nyttast i lokalet vårt. Vi vonar å få meir aktivitet i vevane utetter våren. Har du lyst til å vere med er det berre å kome på onsdagsmøte eller ta kontakt på anna måte. Du treng ikkje å kunne alt for å veve, men saman kan vi få til mykje. Vi har til dømes vove pledd, dukar og brikker, golvteppe m.m. 

Skinnfell

Vi held på med det fjerde kurset i skinnarbeid no. Ut frå den store interessa har vi difor studiering i skinnarbeid andre tysdagen i kvar månad. Då får dei som har gått kurs eller har erfaring med skinnarbeid frå tidlegare, anledning å møtest.Laget har kjøpt inn utstyr som medlemmane kan leige/låne og kan inspirere kvarandre vidare med sying og trykk.

Sløyd

Sløydgryppa møtest kvar torsdagskveld på sløydsalen ved Øyra skule. Lagging og dreiing er nokre av aktivitetane der. Sløydsalen er ikkje tilgjengelig i skuleferiane.

Ung Husflid 

Volda husflidslag har ikkje hatt anledning til faste grupper for Ung Husflid det siste året. Vi har arrangert eit kurs i toving, i tillegg hadde vi juleverkstad for born på julekaféen 2. laurdag i advent. Vi håpar at vi kan kome i gang att med meir aktivitet når vi har fått noken til å ta ansvar for gruppa. 

Kalender

Nyheter

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPrivacy

This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.