Fron Husflidslag held til på Tokstad (ved brannstasjonen)på Vinstra. Her har vi møte kvar tysdag!

Temaliste for møta er sendt ut til alle medlemma og ligg også på heimesida vår. Her er alle velkommen enten du er medlem eller ikke. Elles står det om møta på Facebook sida vår. 

På Tokstad har vi rundt 15 vevar.
Kom innom for å sjå viss du har lyst. Kanskje får du lyst til å prøve noko av dette. Er det ikkje ledig, kan du legge lapp til den som vev på veven du har lyst til å veve på om at du vil bli kontakta når den er ferdig med veven . 

Elles synest vi det er fint om medlemma bruker lokala vi har. T.d. kan dei møtast til triveleg samvere med handarbeide el anna av felles interesse.

Er det noko du har lyst til at vi skal ta opp på medlemsmøta el. du har forslag til aktivitetar, så meld frå til ein frå styret. Vi er svært glade for innspel.

Fron Husflidslag har 68 medlemmar, derav 8 barn.

Kalender

Nyheter

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPrivacy

This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.