Lom Husflidslag skal vera aktive for å ivareta tradisjonar og lokalt handverk. Dette blir gjort med kurs og "arbeidsstugu" for born og unge, samt temakveldar med ymse teknikkar.

Det blir arrangert strikkekafè kvar tysdag. 
Laget har nå ca 50 hovudmedlemmar og 10 medlemmar i Ung husflid.. Styret i laget har jobba aktivt for å verva fleire medlemmar, og for å kunna vidareføre, og skape ytterlegare engasjement i lokallaget.

Husflidslaget har lokal i 2. etasje på Gamle Loar (over biblioteket). Det meste av aktivitar føregår i desse lokala. Vi er i gang med å få opp vevstugu her. 

Dei som er medlemmar i Husflidsforeininga får mellom anna 10% avslag på varer på Husfliden og på Fjoset i Lom (Rauma,Alpakka og Sandnes), og reduserte prisar på kurs og aktivitetar i laget. Sjå alle sentrale medlemsfordelar her.

Kalender

Nyheter

Komande helg skjer det ulike aktivitetar i Lom husflidslag. 

Med ynskje om å gje våre medlemmar eit godt og variert tilbod av husflidsaktivitetar, har vi laga ein plan etter innspel frå dykk. Ikkje alle ynskjer har blitt oppfylde, men lista er ikkje kasta, og nye kurs kjem på vårplanen for 2018.

Fyrste temakveld og handarbeidskafé  blir tysdag 05. september. Det blir vidare aktivitet kvar tysdag frå kl. 18.00-21.00. Tema for kveldane vil bli annonsert på heimesida til laget, på kommunen si nettside og i GD.

Vev-ringen vil fortsette på tysdagar som tidlegare, og plegg-ringen onsdagar.

Det blir starta kurs i saum og montering av damaskkjol og rondastakk, trykk ty og kniv. Om det er interesse vil vi også helde kurs i vev av filleryer/løparar, event. oppsett av vev. 

Ung husflid startar måndag 11. september, og vil ha aktivitetar kvar 14. dag.

Nytt av året er arrangementet "Lomsfest" som går av stabelen 19.-20. oktober. Vi markere Husflidsdagen denne helga med lokale aktivitetar under temaet "Ull i alt".

Når det nærmar seg jul, vil det bli julemarknad og juleverkstad for små og store.

Velkomne til ein ny, nyttig, triveleg og lærerik haust!

Det blir handarbeidskafe annakvar tysdag utover.Alle er velkomne :-)
Kvar tysdag er det studiering i biletvev.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.