Lomsfest: Strikke-pub og handarbeidsquiz på Brimibue

19 okt 2018 19:00 - 19 okt 2018 23:00, Brimibue, Fossbergom

Strikke-pub for alle som ynskjer på Brimibue fredag 19. oktober.

Vi gjentar fjordårets suksess og inviteogrer dykk alle til strikke-pub, med handarbeidsquiz på Brimibue.

Strikkegildet startar kl 19.00, medan handarbeidsquizen blir fyrst litt seinare på kvelden. Det er fleire aktivitetar i bygda under arrangementet Lomsfesten, og vi ynskjer at så mange som mogeleg kan delta i lag med oss. Resaturanten er ope og det er servering av både mat og drikke. Her er det duket for eit triveleg lag!

Gratis arrangement!

Velkomne 

Kalender

19 nov 2018 18:00, Gamlebanken 2. etg.

20 nov 2018 18:00

30 nov 2018 11:00, Gamle banken, 2. etg. Brubakken 8, 2686 Lom

Nyheter

Aktivitetsdag i Presthagen onsdag 4. juli

Tysdag 15. mai kl. 18.30 inviterer vi til medlemskveld hjå Sigrid Blekastad frå Gausdal, ei av få her i landet som har mastergrad i glasmaleri-kunsten. Ho har nyleg etablert seg på Klones i Vågå, og vi vil sjå litt kva ho driv med, lære om teknikkane ho nyttar og ikkje minst høyre om dette handverket som står i faresona for å forsvinne.

Jula 2018 ynskjer Lom husflidslag å arrangere ein innandørs julemarknad frå 1.- 9. desember, men for å helde ein marknad treng ein varierte produkt å selje. Om du har lyst til å delta med dine ting, har du tid framover for å førebu deg! Det er ope for alle!

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.