Aktivitetsdag i Presthagen onsdag 4. juli

Tysdag 15. mai kl. 18.30 inviterer vi til medlemskveld hjå Sigrid Blekastad frå Gausdal, ei av få her i landet som har mastergrad i glasmaleri-kunsten. Ho har nyleg etablert seg på Klones i Vågå, og vi vil sjå litt kva ho driv med, lære om teknikkane ho nyttar og ikkje minst høyre om dette handverket som står i faresona for å forsvinne.

Jula 2018 ynskjer Lom husflidslag å arrangere ein innandørs julemarknad frå 1.- 9. desember, men for å helde ein marknad treng ein varierte produkt å selje. Om du har lyst til å delta med dine ting, har du tid framover for å førebu deg! Det er ope for alle!

Ung husflid våren 2018

Spikking i rått tre. Måndag 9. og 16. april.

Velkomen!

Påskeverksted/Handarbeidskafé

Velkomen til årsmøte i Lom Husflidslag!

2. etg. på Gamle Banken.

Inngang frå baksida. Eigen parkering.

Komande helg skjer det ulike aktivitetar i Lom husflidslag. 

Med ynskje om å gje våre medlemmar eit godt og variert tilbod av husflidsaktivitetar, har vi laga ein plan etter innspel frå dykk. Ikkje alle ynskjer har blitt oppfylde, men lista er ikkje kasta, og nye kurs kjem på vårplanen for 2018.

Fyrste temakveld og handarbeidskafé  blir tysdag 05. september. Det blir vidare aktivitet kvar tysdag frå kl. 18.00-21.00. Tema for kveldane vil bli annonsert på heimesida til laget, på kommunen si nettside og i GD.

Vev-ringen vil fortsette på tysdagar som tidlegare, og plegg-ringen onsdagar.

Det blir starta kurs i saum og montering av damaskkjol og rondastakk, trykk ty og kniv. Om det er interesse vil vi også helde kurs i vev av filleryer/løparar, event. oppsett av vev. 

Ung husflid startar måndag 11. september, og vil ha aktivitetar kvar 14. dag.

Nytt av året er arrangementet "Lomsfest" som går av stabelen 19.-20. oktober. Vi markere Husflidsdagen denne helga med lokale aktivitetar under temaet "Ull i alt".

Når det nærmar seg jul, vil det bli julemarknad og juleverkstad for små og store.

Velkomne til ein ny, nyttig, triveleg og lærerik haust!

Det blir handarbeidskafe annakvar tysdag utover.Alle er velkomne :-)
Kvar tysdag er det studiering i biletvev.

Aktivitetsplan for 1. halvår er utsendt på epost. Plan finn du også under "Arkiv" på ventstremenyen her.

Nå er vintern og vårens aktivitetar i gang. Det er oppsatt mange kurs. Desse er annonsert på under menyen "kurs" her, og i plan. Dei er også annonsert i Fjuken i veke 4. Håpar mange finn interessante kurs her, og meldar seg på.

 
Handarbeidskafeane er forsatt kvart tydag (Kl.18-21.
Det er lagt opp til temakveldar annakvar gong. Sjå på plan og på Facebooksida om tema. (Du treng ikkje ha profil på Facebook for å sjå denne sida).

Studieringar som er igang 
  • Plagg (Kvar onsdag kl. 18-21)
  • Sprang (Kvar torsdag kl. 18-21)
  • Biletvev (Kvar torsdag kl. 18-21)

Studieringane er ope for alle som har vore på kurs tidlegare, og er gratis for medlammane. Andre betaler kr 30 pr gong (Kaffespeis)

Det blir også jobba med å få til studiering etter knivkurset i haust. Ta kontakt med studieleiar Kari R Teigen tlf 911 23116, for meir info om denne foreløpig.

Ellers vil styret oppfordre alle medlemmane om å kome med innspel om aktivitar mm. På tysdagar er det rom for å ta ting litt på sparket om nokon har gode forslag...  

Aktivitetsplan er utsendt til medlemmane, og ligg også under menyen "Arkiv" på venstresida her.

Vel møtt til nok eit aktivt år!

Helsing Styret v/ leiar Unni Merete Lund tlf 9598 3303

Nå er haustens aktivitetar i gang. Det er oppsatt mange kurs, og det er god påmelding på desse i år. Knivkurset er i gang, og det klart for oppstart av kurs i biletvev, sprang,vev og plagg. Det blir også eit helgekurs der det skal lagast mattar og solv av bjørkeris.
 
Handarbeidskafeane er utvida med 1 time kvar kveld (Kl.18-21 på tysdagar), og det er oppsett kvar veke (tidlegare annakvar). Det er lagt opp til temakveldar annakvar gong.
Om  det er nok interesse blir det studiering som tidlegare. (Bunadsbrodering, bunadsbrodering, plagg, biletvev og spran

Nå er vi godt i gang med nytt år. Det er ikkje sett opp noko kurs i vår, men det er mange studieringar som fortset.

  • Biletvev
  • Plagg
  • Bunadsøm
  • Bunadsbrodering
  • Sprang

Ellers blir det arbeid med igangsetting av vevstugu. Det er tenkt å få til kurs i vev til hausten.
Ellers blir det medlemsmøte i mars.
På Fjordingsmartnan blir det utstilling og sannsynlegvis stor aktivitet i lokala våre.

Invitasjon til medlemsmøte

Det blir handarbeidskafe på 2. etasje Gamle Loar kl. 19-21, annakvar tysdag framover.

Handarbeidskafe 16. og 30. september, 14. og 28. oktober, 11. og 25. november.

Ta med handarbeid og møt opp til ein triveleg kveld.
Kaffespleis

Alle er velkomne.

Dersom mange nok er interesserte, blir det sett i gong studieringar i haust. Her er det ingen kurslærar, men dei som tidlegare har halde kurs, vil vere til stades når dei har høve til det. Ring er eit tilbod til deg som har gått på kurs i emnet eller kan det frå før - og vil halde fram saman med andre slik at de kan inspirere og rettleie kvarandre.

 

  • BILETVEV 
  • BRODERING AV BUNAD
  • PLAGGSAUM
  • MONTERING AV BUNAD

  

Dag og tid vil bli fastsett i samråd med deltakarane.

Påmelding innan måndag 6. oktober til Magnhild Bakken : 91339996

Kalender

4 sep 2018 19:00, Elveseter

19 okt 2018 19:00

20 okt 2018

Nyheter

Aktivitetsdag i Presthagen onsdag 4. juli

Tysdag 15. mai kl. 18.30 inviterer vi til medlemskveld hjå Sigrid Blekastad frå Gausdal, ei av få her i landet som har mastergrad i glasmaleri-kunsten. Ho har nyleg etablert seg på Klones i Vågå, og vi vil sjå litt kva ho driv med, lære om teknikkane ho nyttar og ikkje minst høyre om dette handverket som står i faresona for å forsvinne.

Jula 2018 ynskjer Lom husflidslag å arrangere ein innandørs julemarknad frå 1.- 9. desember, men for å helde ein marknad treng ein varierte produkt å selje. Om du har lyst til å delta med dine ting, har du tid framover for å førebu deg! Det er ope for alle!

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.