Lom husflidslag i Presthaugen 4. juli

Aktivitetsdag i Presthagen onsdag 4. juli

Det er Lom husflidslag sin dag i Presthaugen og vi synar fram kva medlemmane i laget vårt driv med av nye, halvgamle og gamle teknikkar. Ta med deg eit handarbeid og sett deg i lag med oss. Bonding, hekling, spikking, toving, brodering av plegg og bunad - ja, uansett kva du gjer, så er du velkomen. Det vert også Ung husflidsaktivitet med maling på elvestein, samt bakst i eldhuset og trekkspelmusikk, frå dei med noko lengre fartstid. Variasjon og mangfold er viktig for laget å vise fram for dei besøkande, så fint om du stiller den korte stunda!

Er hengebrua vi har jobba saman om vorte ferdig, blir ho også hengd opp i Presthaugen for almenn bruk denna dagen. 

Stryret v/Marie Jeanette Helgesen

Bildet er hentet fra boka "Kunst på stein!".

Kalender

19 okt 2018 19:00

20 okt 2018

22 okt 2018 17:30

Nyheter

Aktivitetsdag i Presthagen onsdag 4. juli

Tysdag 15. mai kl. 18.30 inviterer vi til medlemskveld hjå Sigrid Blekastad frå Gausdal, ei av få her i landet som har mastergrad i glasmaleri-kunsten. Ho har nyleg etablert seg på Klones i Vågå, og vi vil sjå litt kva ho driv med, lære om teknikkane ho nyttar og ikkje minst høyre om dette handverket som står i faresona for å forsvinne.

Jula 2018 ynskjer Lom husflidslag å arrangere ein innandørs julemarknad frå 1.- 9. desember, men for å helde ein marknad treng ein varierte produkt å selje. Om du har lyst til å delta med dine ting, har du tid framover for å førebu deg! Det er ope for alle!

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.