Medlemsmøte 15. mai på Klones

Tysdag 15. mai kl. 18.30 inviterer vi til medlemskveld hjå Sigrid Blekastad frå Gausdal, ei av få her i landet som har mastergrad i glasmaleri-kunsten. Ho har nyleg etablert seg på Klones i Vågå, og vi vil sjå litt kva ho driv med, lære om teknikkane ho nyttar og ikkje minst høyre om dette handverket som står i faresona for å forsvinne.

Påmelding til Torill Smedsmo innan sundag 13. mai på sms/tlf.: 970 05 830

Vi prøver å samkøyre frå Lom til Vågå, og har satt avreisetidspunkt kl. 18.00

frå parkeringa v/biblioteket på Gamle Loar. Attende i Lom ved 21-tida.

Info. om kommande aktivitetar for laget vil også bli lagt fram på møtet.

Vil du vite meir om Sigrid Blekastad, søk på nettsida: www.sigridblekastad.no

 

Medlemmar kr 100,-

Ikkje-medlemmar, kr 150,-

Inklusive kaffi, rundstykker og kake på kafeen etterpå.

Kalender

19 okt 2018 19:00

20 okt 2018

22 okt 2018 17:30

Nyheter

Aktivitetsdag i Presthagen onsdag 4. juli

Tysdag 15. mai kl. 18.30 inviterer vi til medlemskveld hjå Sigrid Blekastad frå Gausdal, ei av få her i landet som har mastergrad i glasmaleri-kunsten. Ho har nyleg etablert seg på Klones i Vågå, og vi vil sjå litt kva ho driv med, lære om teknikkane ho nyttar og ikkje minst høyre om dette handverket som står i faresona for å forsvinne.

Jula 2018 ynskjer Lom husflidslag å arrangere ein innandørs julemarknad frå 1.- 9. desember, men for å helde ein marknad treng ein varierte produkt å selje. Om du har lyst til å delta med dine ting, har du tid framover for å førebu deg! Det er ope for alle!

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.